laurdag 1. desember 2012

Pepperkakehus :)

Dagen i dag har vore full av kjekke aktivitetar! :) 
Vi begynte dagen med åpning av julekalender, og ein god 1 desember frokost med egg og juleost! :) 
Klokka 10 susa vi ned i varmtvannsbassenget for å bade litt. Vilde synes det er veldi kjekt å bade i "stoooore bassenget", som ho kalla det, ho blir tøffare og tryggare for kvar gong. Ella, Emma og Rolf Ottar kom etter ei lita stund, og Vilde var  i ekstase. Ho synes det er veldi kjekt å ha nåken å leike med, og Ella er ei god venninne! :) Dei plaska, spruta, svømte og kosa seg i bassenget i ein times tid. Vi gjekk opp av bassenget skrukkete, men fornøgde med badinga. Det er kjekt med eit slikt tilbod i Volda :) 
Etter badinga sa vi hade, men sjåast snart til Ella, Emma og Rolf Ottar. For vi hadde avtalt at dei skulle komme opp til oss seinare og pynte pepperkakehus. 

Vi satte kursen mot Furene for litt diverse shopping. Vilde fekk seg ei ny adventsstjerne i vinduet, eg kjøpte nåke lys, og adventspynt, og so handla vi inn diverse nammis til pepperkakehuset. 

Vel heime var det bare å begynne på jobben å montere i hop pepperkakehuset. Det var ikkje bare lett, men etter eit peperkakehus i tusen knas på golvet, så fekk vi montert vellykka i hop hus nr 2 :) 


Ella, Emma og Rolf Ottar kom, og pyntinga kunne begynne :) 

 Torgeir var melis-sjef på vårt pepperkakehus :)

Seriøs og konsentrert pepperkakehus-pynting :) 

Det ferdige resultatet! :)

Etter vi var ferdig med pyntinga satt vi voksne oss i sofaen og prata litt, mens jenten fauk rundt på golvet og leika seg. Dei hadde det veldi kjekt i lag og leika fint! Vi såg årets julekalendar på barnetv, Julekongen. Og etter det var det på tide for besøket å reise heim og for Vilde å finne senga. Ella hadde mest lyst å overnatte med Vilde, og Vilde var så klart heilt enig i det. Dei skulle dele seng, og ha med seg begge dukkene som dei leika med! Søte jentene :) 

Det har vore en hektisk, men veldi kjekk dag :)
 No sitte eg med beina på bordet og nyte stillheten. 
Vilde søve og Torgeir er på besøk med ein kompiss :) 

Ha en fin kveld :)




2 kommentarer:

  1. For en kjekke dag dokke he hatt :)
    Kjekt når man kan finne på ting ilag med andre ;)

    SvarSlett