tysdag 11. desember 2012

Nissefest :)

Sida Vilde allerede har vore innom å blogga om dagens kalenderpakke, så kan eg fortelle litt om dagen vår :) 
Eg fekk gå litt tidligare frå jobb i dag, så da var det rett sta å hente Vilde i barnehagen og sette kursen mot Ørsta! Der møtte vi mamma, tante AnnInger, Marianne, Kaila og Amalie! :) Det vart litt shopping før vi satte kursen heimover igjen! :) Vel heime, så var det å sei hade til mamma og dei, og gå inn å gjere oss klare til nissefest på Reset! :) Vi kledde på oss godt med varme kle, og kjørte opp. Eg gleda meg veldi, ikkje bare for nissefesten..men eg skulle endeli få treffe Linn Veronika igjen. Det var Linn Veronika som tipsa meg om nissefesten, og lurte på om vi ville vere med. Og så klart ville vi det! :) det var utruli godt å sjå ho og ungane igjen, det er altfor lenge sida! Tenke ofte på å reise til Vik på besøk, men det blir desverre som oftast med tanken! Altfor dåårli av meg! Så etter nyttår skal eg gjere alvor av tankane mine og reise på besøk! Linn Veronika er ein av dei godaste og snildaste personane eg veit om, og sjøl om vi ikkje jobba lenger så er eg glad for at vi har holdt kontakten!


Vilde gleda seg veldi til å møte nissen og masa om han frå det sekundet vi kom fram. Ho var egentli trøtte å leide av dagen, og det gjor jo at ho var ekstra utålmodig! Vi kosa oss med gløgg, pepperkaker og pølser med brød, mens vi venta på nissen. Og endeli kom han :) 


Nissen hadde mista nissesekken sin, så vi måtte ut å leite. Og jammen fant vi ikkje den ut i grøfta! :) 
Spennande å sjå om nissen hadde nåke snoperier ned i sekken sin, og det hadde han. Alle ungane fekk kvar sin pakke :) 



Vilde synes det var veldi kjekt med nissen, og ville helst stå å sjå på han heile tida. Og synge "På låven sitter nissen" til han.. Men so vart ho so sjenert at det vart mora som stod å sang til den kjekke nissen :) 


Før vi reiste heim att så fekk ungane sitte på i "sleden" til nissen, og fekk seg ei runde på parkeringsplassen! :)



Celine, Nora, Lukas og Vilde ;)


Vilde var veldi trøtte, og leide av å stå i kø når vi endelig kom fram til hesten. Og da var det godt med ei mamma-hand som var med på runda! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar