søndag 23. desember 2012

Juletre :)

No er det skikkelig julestemning her i heimen. Nissane er framme (og det har dei vore ei stund), alle gavene er pakka inn og plassert trygt i bilen, juletreet er komt opp og er ferdig pynta, og koffertane er fylt med kjolar og finkle. Vi er klare for nokre kjekke juledagar heime på Eid! :) 

I dag har vi vore i Åmdalen å hogd oss juletre. Vi møtte foreldra til Torgeir, og var med dei opp i skogen for å finne det perfekte juletreet. Det var Vilde sin første gang, og ho var veldi spent på å gå inn i skogen å finne juletre. Det var ekstra kjekt at bestemor og bestefar var med:) 
Torgeir og faren satt kursen oppover og fant fort fleire tre som var aktuelle, vi damene fulgte etter og godkjente! Vi vart til slutt enige om to tre som vi hogde ned og tok med oss :) 


Etter trea var godt plassert i bilen, tok vi turen på besøk til oldemora og oldefaren til Vilde for å levere julegaver. Der fekk vi servert gode julekaker og is. Vilde var frykteli øsa mens vi var der, og synes det var kjekt å sjå igjen oldeforeldra sine! :) 

Vidare gjekk turen innom foreldra til Torgeir for litt lunsj. Dei vart med oss opp att og var med å pynta juletreet vårt. 
Vilde tok oppgava som sjefspyntar meget seriøst, og pynta som bare det! Det er viktig å samle tre-fire juler på ei grein, blir finast da! ;) 


Akkurat når vi var ferdig å pynte treet, så kom han Sindre innom med julegave til Vilde. Ho fekk gjett frå seg si gave til han, og leika litt. Det er veldi kjekt med en Sindre som Vilde kan bestemme over, og som gidde å leike med ho! :) 

Rett før leggetid så trakka vi oss bort til Kristine og Robert for å levere gaver der også! Vi var der ei lita stund, før vi fant ut at det var på tide å komme seg heim for litt nattinatt! :) 

Vel heime fekk vi enda meir besøk. Tanta og onkelen til Torgeir kom innom med julegaver, og OleMartin og Pia kom litt seinare! :) Vilde hørte så klart at vi fekk besøk, så ho fekk komme opp å helse på! :) 

No er koffertane og bilen pakka, og i morga tidlig reise vi heim til Eid for julefeiring!! :) 

Vi ønsker alle ei riktig god juuul!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar