søndag 9. desember 2012

En god søndag :)

I dag har vore ein innhaldsrik og kjekke søndag! Eg og Vilde begynte dagen med å sove lenge, kose oss med julekalender og havregraut til frokost! Når pappsen stod opp reiste vi ned i svømmhallen en tur for å sjå Silje svømme! Vi møtte Cindy der nede og snakka litt med tante Lise! :) Etter at Silje var ferdig å svømme, så tok ho med seg Vilde en liten tur. Det er kjekt å sjå kor Vilde ser opp til Silje, og kor kjekt ho synes det er å vere i lag med ho:) Vilde fekk seg kake med Lise, så da var ho meir enn fornøgd! :)

Etter vi var ferdige i svømmehallen reiste vi heim att for å pynte pepperkakehjerter. Vi prøvde på fredag og, men da var Vilde meir opptatt av å ete av pynten enn å pynte, så vi ga opp heile greia :)


Det vart meir vellykka i dag og vi fekk pynta dei hjertene vi hadde laga! No gjenstår det bare å henge dei opp i vinduet :)



Klokka halv 5 var det på tide å kjøre Torgeir på flyplassen. Han skal nemmelig til Grimstad å hente nyebilen vår, og ta med seg Marianne og jentene heim att! :)


Snakka med han i sta, og da var flyet over en time forsinka! Men trur han skal vere komt ombord i flyet no, og snart på vei til Kristiansand! :)
Skal bli godt å få han heim att, blir ensomt her i huset uten han! Og ikkje minst skal det bli godt å få systa og tantegulla mine heim att!!

No har eg lagt Vilde, hatt kveldens treningsøkt på tredemølla, rydda stova og tent adventslysa. Så no skal eg legge meg på sofaen og kose meg med "Fifty Shades" og julebrus :)   




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar