måndag 3. desember 2012

Ein fin søndag :)

I går var den store dagen da Vilde endelig skulle få besøke bestevenninna si frå barnehagen, Eli! :) 
Ho skjønte ikkje heilt kor vi skulle når vi gjekk ut døra. Ho var fast bestemt på at viss ho skulle treffe Eli, så måtte ho i barnehagen. Prøvde å forklare ho at vi skulle heim i huset til Eli, men det var ikkje heilt lett å forstå. Ho skulle i barnehagen :) 

Når vi trilla inn på tunet til Eli og ringte på døra, så trur eg det begynte å gå opp for ho kva som skjedde. Eli åpna døra, og jentene samstemte i eit gledeshyl og vilter hopping. Dei gav kvarandre ein good kos før eg fekk kle av Vilde ytterkleda. Når dei var av, så sprang dei rett inn i stua og begynte å leike! Eg og mammaen til Eli, som heite Live, satt oss på kjøkkenet og prata.

 Jentene kom etter litt og ville ha kakao og pepperkaker, så da satt vi der alle fire og kosa oss. Det er veldig kjekt å sjå kor gode venninner dei er, og kor glade dei er i kvarandre. Sjøl om dei er uenige og "kranglar" litt, så går det veldig fort over. En klem og so er dei venner igjen, litt som Tuppen og Lillemor :) 

Vi var der ei god stund, før det var på tide å sette nasa heimover. Vilde og Eli sa hade til kvarandre, og vi må nok invitere Eli på besøk til oss en anna dag :) 

Gode jentene kosa seg med kakao :)

Når vi kom heim, måtte Vilde kvile seg litt på sofaen. Det hadde vore mykje spenannde og nytt på en gang :) 

Etter en liten kvil, var det middag og ut av huset igjen. 
Denne gangen var det julegrantenning som stod på planen. Vi møtte onkel Ole, Pia, Cindy og Ronny der nede. Vilde storkoste seg, og fant seg tre jenter som ho leika med. 


Det var iskaldt, så etter ei stund reiste vi opp til bestemor og bestefar. Der fekk vi servert nysteikte vafler! Det gjorde godt i ein kalde kropp! :) 


Og so vart det tenning av første lyset på adventsstaken i lag med onkel Ole :)



Når det var leggetid for små prinsesser, reiste vi heim att! :)

Etter ho var lagt, sank eg og Torgeir ned i sofaen. Kosa oss med Homeland og lys i adventsstaken :)






1 kommentar:

  1. Kor kjekt ho he hatt det :)
    Artig at ho he fått sej ei bestevenninde frå bhg :)

    SvarSlett