laurdag 1. desember 2012

1 desember og julekalender :)

I dag er det første desember, og jula nærma seg med stormskritt. I går brukte eg/vi ettermiddagen og kvelden til å shine huset og pynte til advent! Så no er her koselig med litt rødt, men mest lilla:) Eg elska dinna tida på året og gleda meg til nissane får flytte ned frå loftet!

Sida det er første desember i dag, så har Vilde fått åpna den første luka i kalendaren sin. Og Vilde har ikkje mindre enn 3(!!) julekalendera i år.
Den første julekalendaren er i frå oss :) I år som i fjor har vi laga SingSang julekalendar til ho. I år kjøpte vi "Mine andre sangkort" og pakka dei inn slik at ho får ein/to nye sangar kvar dag:)


I dag fekk ho "Åkken bom"




Den andre julekalendaren kom plutselig i posten ein dag frå ei gala, men superkjekke tante. Pakken hadde reist heilt i frå Grimstad og var i frå tante Marianne!
Vilde sin aller første pakkekalendar:)


 Og i den aller første pakken låg der ei rooosa, prinsesseveske med krone på. Komplett lykke! ;)
Vilde er meget opptatt av rosa og prinsesser, så det var midt i blinken. Tuuusen takk tante Marianne :)

Vilde spurte fint om ho kunne vere så snill å få åpne en pakke til, men den fæle mora sa nei. Og det var neimmen ikkje godt mottatt! Litt hyl, skrik, spark og hanring i golvet vart det før ho tok veska og marsjerte bort til leikane sine og oversåg meg ei goood stund :)


Den siste fekk ho i bokklubben sin, og det er julekalendaren til årets barnetv, Julekongen. Vilde er litt lita til å skjønne heilt poenget med den, men det var no kjekt å få åpne ei luke til barnetv:) 

Så Vilde er litt i det borskjemte hjørnet i år, men ka søren...det er bare desember en gang i året :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar