søndag 25. november 2012

Ein mnd igjen til julafta!

I går var det akkurat ein måned igjen til julafta, og det var på tide å få unna litt julegaver! 
Vi hadde avtalt med bestemoren og besteparen til Vilde at ho skulle få komme ned dit og overnatte til søndag, sånn at eg og Torgeir kunne reise til Moa på julegaveshopping aleine. Men det vart litt endring i planane. Fredagskveld ringte Ola for å fortelle at Ingunn var blitt smitta av den grusomme spysjuka som har herja her i huset siste veka. Så da fekk lisjesnupps vere med på julegavehandel. 


Lørdagsmorning pakka eg en sekken til Vilde med bleier, drikke og litt bestikkelsar som smukk og bøker! :) Og so satt vi kursen mot Moa! 
Eg frykta at det kom til å vere MYKJE folk der, og at vi kom til å stå i lange køer. Men der var overraskande "lite" folk. Vi stod ikkje i kø, og fekk handla det meste av det vi skulle! Vilde oppførte seg eksemplarisk og koste seg på shopping. Vi hadde med vogna hinna, så ho fekk kvile dei søte små jenteføtene sine innimellom, og so fekk vi noko å plassere alle posane i når ho ikkje satt der! :) 


Dagens høgdepunkt for Vilde var vel å ete middag i lag med onkel Ole og Pia! :) Vi møtte dei på Peppes Pizza for ein matbit i lag. Det var godt med ei lita pause frå all gåinga, både for store og små! :)


Etter en lang dag på Moa var det godt å komme heim att til sofaen! Det vart litt sofakos, før eg sovna og fant ut det var best å bare gå å legge seg i senga! :) 

Og godt var det, for Vilde fant ut at kl 06 så var det på tide å stå opp. Det slår ikkje feil, jo seinare Vilde legge seg, jo tidligare står ho opp. Og i går var ikkje ho i seng før kvart over 8, og lysvåken kl 6.. *gjesp* Eg klarte å drøye det til kl 7 før vi stod opp. 
No sitte eg her å trykke på dataen, mens Vilde styra å leike seg med dukkene og bamsane sine. Trur ho har kaffiselskap:)


Litt seinare i dag skal vi sta å ta julekortbilder og litt andre bilder, så det blir spennande! :) 

Ha ein fin dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar