tysdag 27. november 2012

Handygirl :)

Vilde er veldig glad i å hjelpe oss voksne med ulike ting, ho vil helst vere med på alt som skjer. 
Det er ikkje sjelden ho sei: "Mamma, ej hjelpe dej?" Og som regel får ho vere med! 
På mandag var det hamring som stod på plakaten. Eg skulle henge opp ei knaggrekke til å henge alle smykkene mine på, og Vilde fekk hjelpe til med å hamre inn spikrane :) 

 Mi flottaste handygirl :) 

Djup konsentrasjon :)

søndag 25. november 2012

Lesestund før leggetid :)

Det nye her i huset er at Vilde absolutt må lese ei bok før ho legge seg, aleine, meed lyset på :) 


Så går det ca 10 minutt og da søve ho, og vi kan gå ned å ta vekk boka og slå av lyset :) 

Eg merka godt det at lisje jenta mi er begynt å bli stor :)

Ein mnd igjen til julafta!

I går var det akkurat ein måned igjen til julafta, og det var på tide å få unna litt julegaver! 
Vi hadde avtalt med bestemoren og besteparen til Vilde at ho skulle få komme ned dit og overnatte til søndag, sånn at eg og Torgeir kunne reise til Moa på julegaveshopping aleine. Men det vart litt endring i planane. Fredagskveld ringte Ola for å fortelle at Ingunn var blitt smitta av den grusomme spysjuka som har herja her i huset siste veka. Så da fekk lisjesnupps vere med på julegavehandel. 


Lørdagsmorning pakka eg en sekken til Vilde med bleier, drikke og litt bestikkelsar som smukk og bøker! :) Og so satt vi kursen mot Moa! 
Eg frykta at det kom til å vere MYKJE folk der, og at vi kom til å stå i lange køer. Men der var overraskande "lite" folk. Vi stod ikkje i kø, og fekk handla det meste av det vi skulle! Vilde oppførte seg eksemplarisk og koste seg på shopping. Vi hadde med vogna hinna, så ho fekk kvile dei søte små jenteføtene sine innimellom, og so fekk vi noko å plassere alle posane i når ho ikkje satt der! :) 


Dagens høgdepunkt for Vilde var vel å ete middag i lag med onkel Ole og Pia! :) Vi møtte dei på Peppes Pizza for ein matbit i lag. Det var godt med ei lita pause frå all gåinga, både for store og små! :)


Etter en lang dag på Moa var det godt å komme heim att til sofaen! Det vart litt sofakos, før eg sovna og fant ut det var best å bare gå å legge seg i senga! :) 

Og godt var det, for Vilde fant ut at kl 06 så var det på tide å stå opp. Det slår ikkje feil, jo seinare Vilde legge seg, jo tidligare står ho opp. Og i går var ikkje ho i seng før kvart over 8, og lysvåken kl 6.. *gjesp* Eg klarte å drøye det til kl 7 før vi stod opp. 
No sitte eg her å trykke på dataen, mens Vilde styra å leike seg med dukkene og bamsane sine. Trur ho har kaffiselskap:)


Litt seinare i dag skal vi sta å ta julekortbilder og litt andre bilder, så det blir spennande! :) 

Ha ein fin dag!

Kontrastvegg i stua :)

Eg og Torgeir har lenge snakka om å male eine veggen i stova i ein kontrastfarge. Eg synes det er kjempe stili med ein slik vegg, og har hatt lyst på det lenge. Men problemet vårt er vel at vi ikkje har blitt enige om kva farge vi vil ha, og dermed har det ikkje blitt noko av :) 

Men her ein dag ringte han Torgeir og ba meg møte han på Bygg Mix, for no skulle vi bli enige og velge farge. Der va tusenvis av farga og eg tenkte med meg sjøl: "kor i alle daga skal vi bli enige?" Der var så klart en del farga vi kunne eliminere ut, sånn som knall grønn, oransje og rosa :) 
Etter litt fram og tilbake, og råd av en som jobbe på Bygg Mix, så vart vi enige om en farge. "Musling" heite den, og er mykje finare enn den høres ut. En varm og god gråfarge :)



Eg og Torgeir satt i gang en kveld etter ho Vilde hade lagt seg, og i løpet av kvelden var veggen ferdi, med to strøk og alt! Frykteli greitt, og resultatet vart meget bra ;) 

FØR:


ETTER:


Det var veldig vanskelig å ta bilde av det slik at fargen kom skikkelig fram, så dei som vil sjå dei heilt skikkelig får komme på besøk :) 
Som dåkke og ser så har vi ommøblert, men det får det komme bilde av en anna dag, no er her toootalt kaos :)


Konkurranse :)

Eg elska konkurransa og GiveAways, og når eg kjem over en så melde eg meg på. I dag er ingen unntak :) 

 
Victoria har en konkurranse på bloggen sin der en kan vinne en nydelig ullshorts til søte små frøkner :)
Meld deg på da vel :)

fredag 23. november 2012

Eit julegaveønske til på lista :)


 Grand Cru salt og pepperkvern :) 

laurdag 17. november 2012

Shopping, kafe og spa:)

For ein deilig dag! :) 
Dagen begynte med shopping og kafe med mamma og Vilde :) 

Besøkte tanta på jobb:) 

Nye vintersko til Vilde mi. 
Etter mykje prøving så falt valget på Ecco sine vintersko :) 

Og avslutta med bading, jacuzzi og massasje i lag med kjekkaste Cindy på Badehuset Spa på Nordfjord Hotell :) Det kan eg gjerne gjere oftare ;)

Kosa meg i jacuzzien :)

Eg skulle egentli kose meg med ein deilig aroma-massasje, men han meinte eg var så stiv og knytt at han måtte ta litt ekstra i. "This is going to be painful", og DET va det! Så no ligge eg på sofaen å synes skikkeli synd på meg sjøl!

onsdag 14. november 2012

Ønskeliste :)

 I dag er det 40 daga til julafta, og folk er begynt å etterlyse julegaveønsker:) 
Eg kjem til å legge ut både Vilde si og vår ønskeliste her på bloggen, så kan dei som vil sjå den :)

Vi ønska oss:
Det er faktisk ganske vanskelig å komme på julegaveønsker i år, men her kjem no litt. Ellers er det bare å bruke fantasien :) 

 Rosendal Grand Cru
(vi har 1 karaffel, 12 vannglass, 6 rødvinsglass, 6 kvitvinsglass, 2 ølglass 3 skåler, 3 dessertfat, 2 telysestaker)

Sengkle (220 cm)
Laken (180 cm)

Porsgrund Nathalie
Vi har kaffiserviset, mangla bare en kopp som eg har knust. 

 Ellers ønske vi oss middagsserviset og tilbehør. 
Pynteputer til sofaen, i beige eller kvitt. 

Gavekort på Skeidar, Kremmerhuset osv er også kjekt å få :) 

Vilde ønska seg:


Ullklede i str 92-98

Strikka klede
Klede i str 98 og oppover
Puslespel

 Togbane

 Akebrett

Klede og diverse stæsj til dukkene sine

 Bilstol til dukka

Malesaker
 Kjøkkenting
 
DVD`a
(Her er Jordbær Mathilde, Brannmann Sam, Kaptein Sabeltann, Timmy Tid populære)

:):)

måndag 5. november 2012

SingSang sine julekort

Mitt hærlige mammaliv har ein giveaway gåande som passa perfekt no før jul :) 

I fjor laga eg julekalender til Vilde, eg kjøpte SingSang sine "Mine aller første sangkort" og pakka inn en sang kvar dag. Det var en veldi kjekk julekalender, både for Vilde og for meg:) Singsang-korta er veldig populære her i hus, og dei blir omtrent brukt kvar dag. Enten synge Vilde til bamsane/dukkene sine, eller så synge vi i lag :) 
Så i år tenkte eg å gjere det samme, bare kjøpe nye SingSang-kort. Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal kjøpe "Mine første sangkort" eller "Sanger og aktiviteter som hører julen til". 

Mitt hærlige mammaliv sin giveaway passa perfekt for oss, for vinnaren får SingSang sine "Sanger og aktiviteter som hører julen til". Eg melder meg på, og krysser fingrane for at julekalenderen til Vilde er i boks ;) 




P.s: der kjem et innlegg om helga vår når eg får lagt bildene frå kameraet inn på dataen! :)