tysdag 2. oktober 2012

Trist og lei..

I dag er det 5 år sida den verste dagen i mitt liv. 
Og 2 oktober har sida då vore en mørk og trist dag for min del! 
02.oktober 2007 mista eg min kjære pappa, han tapte kampen mot kreften!

Eg sitte igjen med mange gode minner, men det er ikkje alltid det trøsta nok. Der skulle vore så mangen fleire.. Livet var ikkje ferdi, det var så mykje han skulle vere med på. Han fekk aldri med seg at eg vart ferdig utdanna, at eg fekk meg jobb, at eg fant mannen i mitt liv, at eg fekk verdens nydeligaste jente. Ingenting, ingenting av det fekk han oppleve.. 
Det gjer låkt!
Ekstra vondt er det no når eg er blitt mamma til ei fantastisk jente. Eg ser kor stor glede ho har av besteforeldra sine, både i Volda og på Eid. Og kansje ekstra spesielt er det med "besteparen". Det gleda meg å sjå kor godt forhold ho har til han, men samtidig så smerta det meg. For ho skulle no hatt en morfar og. En kjekk, god og varm morfar som hadde satt ho høgare enn alt i verden. Men sånn skulle ikkje det bli.. Eg er ikkje flink nok til å fortelle ho om han, vise ho ken han er. Det er vanskelig å snakke om han og kor mykje skjønna ho egentli. Når ho blir gammal nok, og begynner å spørr så skal eg gledelig fortelle. Dele alle mine gode minner, og fortelle ho kor han gleda seg til å bli morfar. Han skulle vere verdens beste morfar sa han, og det tvila eg ikkje på! 
I dag satt vi å såg på bilder av pappa og meg som baby, og vi begynte litt å prate om det. Sa til ho at ditte var morfar og baby-mamma. Ho såg lenge på bildet, og ville gjerne sjå babyen igjen! Det er godt å snakke litt om han med ho, men enda bedre ville det vore viss ho kunne snakka MED han!

Eg er heldig som en fantastisk familie og ekstremt gode venna som støtta meg gjennom dagen, og den vonde tida! 

Pappa, eg savna deg utruli. Og eg gjer mitt aller beste for å holde løftet eg ga deg, eg skal alltid passe på systene mine! Men eg vil aldri kunne erstatte deg, ditt gode humør og hjelpande hand! 

Minnet ditt lever for alltid i hjertet mitt


2 kommentarer:

  1. En god klem sendes til deg. Ord blir fattige når man leser slikt.

    SvarSlett
  2. Verdens beste storesøster ! Pappa ville vert kjempe stolt over deg - både som mor, som søster, som datter, som menneske generelt <3 Du er helt fantastisk, og vi er kjempe glad i deg :)

    SvarSlett