søndag 7. oktober 2012

Gode venner :)

Når eg studerte til å bli førskulelærar, så var vi ein god gjeng som var mykje i lag. Både på skulen og ellers.. Nåken av oss budde i lag ei periode, og eg har mange gode minner frå studietida.
Når eg tenker tilbake så setter eg sånn pris på det vennskapet vi utvikla då, det er gull verdt! 
Våren 2008 var vi ferdig utdanna og vi reiste kvar til vårt. Nåken tilbake til Ålesund, nåken til Eid og nåken heim att til Ørsta/Vartdal. 
Og med jobb, familie og etterkvart unga, så er ikkje det så lett å møtast lenger. Det er ikkje alltid en har tid og dagane fyke avgårde uten at en tenke over det!
Men gud kor kjekt det er å møtast når vi først gjer det, og det gjor vi i går. For 1-2 mnd sida etterlyste vi eit treff på facebook, og vi vart enige om en dato. Og i går var endeli dagen her :)
Eg og Vilde møtte Stine og Thea på ferjekaia og suste avgårde, med Cathrin og Eirill hakk i hæl :)
Det var litt ekstra stas å reise til Ålesund denne dagen, ikkje kun for å treffe kvarandre igjen, men og for å sjå nyehuset til Synnøve og treffe lisje Theodor for aller første gang :)

Og gjett om vi storkosa oss! Det er alltid like kjekt å møtast og vi hadde mykje oppdatering å gjere. Vi fann vel ut at det var over 1 år sida sist vi møttest sist, og det var i brylluppet til Synnøve og Trond Kenneth :) 
Ungane leika seg veldig godt i lag, og dei holdt det gåande heilt til vi reiste heim. Det var ei på 1 1/2 år, to på 2 år og tre på 3 år..og so lille Theodor på 2 mnd da :) 

Når vi reiste derifår så laga vi en avtale om at det ikkje måtte bli like lenge til neste gang. Så vi satsa på et nytt treff over nyttår :)

Det er viktig å ta vare på slike gode vennskap og ta seg tida til å møtast! Det gjer næring til ein sliten kropp og det gjer påfyll med energi :) Gode venna er gull verdt! 

Husk at den største gaven
ikke finnes i en butikk eller under et tre..
...Men i hjertene til sanne venner

1 kommentar:

  1. Det e so sant so det e skrive!!! Trur ej må prøve å få samla en gjeng ej me! :p

    SvarSlett