onsdag 1. august 2012

Ønskeliste :)

Det begynne å gå opp for meg at eg snart har en 2-åring i hus når folk spørr meg om ka ho ønske seg til bursdagen. Det er faktisk under tre veke til ho blir 2 år! Og eg som ikkje syns det er så lenge sida ho va 1 år, eller nettopp født for den del. 
Eg tar meg sjøl i sitte å studere dinne lisje, men samtidig store, sjølvstendige, nydelige jenta mi. Ho elska å leike med dukker, og leike med kjøkkenet sitt. Ho er ei omsorsgfull, men streng frøken. Ho kan komme å stryke på oss viss vi har vondt, men samtidig er ho raskt framme med strenge stemma og peikefingeren viss vi legge beina på bordet eller prøva å ta rosiner frå ho. 
Latteren er aldri langt unna og ho er ei jente med veldig godt humør. Ho er sta som eit esel, og vil helst ha ting akkurat på den måten ho sjøl vil. Det sei jo seg sjøl at det ikkje alltid går, så det har vore eit par kampar, tårer og til slutt gode klemmar den siste tida! Men det er vel på den måten ho lærer :) 
Det er veldig kjekt å vere med på å sjå kor ho forma personligheta si, og når ho oppdagar sine sterke og svake sider. For ei reise, og for ei ære å få vere med å oppleve det i lag med ho. Eg er så utruli stolt over ho, og gleda meg over det meste av det ho gjer. Ho har heile hjertet mitt, og eg er evig glad i ho!

Men no skulle ikkje ditte her bli eit mimre/skryte innlegg om Vilde mi, for eg kunne sikkert lagt ut i eit kilometer lang innlegg om ho. Det var meininga at det skal bli eit ønskeliste-innlegg sånn at folk får litt tips om ka ho ønska seg. For når sant skal seiast, så kan eg tenke på en ting ho trenge og neste gang nåken spørr, så er det glømt. Så da kan eg legge den inn her med en gang i steden, så kan folk sjekke lista etterkvart som dei lurer :)

KLEDE i str 92 og oppover.. 
Bukse, gensar, body, tskjorte, kjole, heildress, ullkle osv..

 Dinne finst i både kjole og heildress, og Vilde ønske seg begge dele

  Ulldress i lilla eller brun



BØKER; helst med litt "historie" i, ikkje peikebøker
PUSLESPEL

LEGO
 "Smålego"

"Storelego" (det heite vel kansje Duplo?)
 
KJØKKENTING

 HJELM (den ho har no er for liten)

STORE PERLER + brett til å perle på

DVD`a

SANGKORT (ho har den som heiter "Mine aller første sangkort"

TEGNE/MALE-SAKER

Ellers så er leika alltid populært. 
Einaste eg veit ho ikkje trenger er dukker og bamsa! Det har ho hundretusenmillionar av ;)

Men eg kjem til å oppdatere lista etterkvart som eg kjem på ting, så bare følg med! :)

1 kommentar:

  1. Veldig greitt å legge ut slike lister!
    Tenk at du snart har en 2 åring i hus! <3 Tida gjenge so alt for fort!

    SvarSlett