onsdag 1. august 2012

Ferie :)

 Det er jammen travelt med ferie.Eg får ikkje tid å blogge nåke særlig, så her kjem eit bilde-innlegg fra dei siste dagane :)

Frå torsdag til lørdag så var eg og Vilde på ein liten miniferie på Eid! 

Vilde har fått seg nye dukkevogn. Ho har bare hatt ei lita trille før, men no er ho jammen det blitt store jente. Ho er kjempe stolt av vogna si, og leika med den fleire tima om dagen. Ho finne skikkeli roa når ho leika med dukkene sine, ho laga mat til dei, trilla rundt på dei, sette dei opp, legge dei ned. Eg merka virkeli det at ho snart er 2 år :)

 Når vi var på Eid så var Vilde i lag med Silje og Andre å plukka rips. Dei var litt sure, men veldig gode. 

 Mamma har tre dykkerbriller hengande på badet, og dei er veldig populære. Det er ikkje sjelden Vilde kjem frå badet med dykkerbrillene på :) 

 "Opp i håret, mamma"

 Eg og Kristin gjekk oss en tur på Fossane. Det er kansje flaut å sei det, men eg hadde aldri vore på Fossane før. Alltid når vi gjekk oppover dit når eg gjekk på skulen, så stoppa eg på Vårsætra for å ete pølser og sjokolade.. 
Men no har eg da altså vore der :) 

 Eine dagen eg var heime så fekk eg ein smak av sommar, og det måtte så klart nytast :) 

 Det er "tradisjon" med kafèbesøk når vi er på Eid. Dinne gangen var vi så heldig at oldemor frå Måløy kom en tur også.

 Vilde fekk seg lommebok med oldemora. Eller som Vilde sei: "Portenomin" 

Tante Kristin lære Vilde grimaser :) 
 
Birthe er heime på sommarferie, kjekke frisørlærlingen vår.
Panneluggen til Vilde var begynt å bli veldi lang, så Birthe ordna saken. 
 
Vilde og baby ser på utsikten :) 

Lørdagskvelden så reiste vi heim att til Volda :) 
 Og jammen fekk ikkje vi litt sommar her og.

Vilde er veldig glad i å sykle. Ho har hatt en tung Hello Kitty sykkel som ho egentli ikkje får til å sykle på. Så eg bestemte meg for å ta ned rosa sykkelen frå loftet. Sist eg tok den ned så var Vilde aaaltfor kort i beina. 

 Litt kort i beina enda, men ho når akkurat ned og suuusa rundt på plattingen med den. Ho har tilogmed begynt å prøve seg på å sykle skikkeli. 


 Vilde og mamma lese bok på plattingen:) 

 Det vart so varmt at vi måtte finne fram bassenget til Vilde. 

 Ho plaska og kosa seg leeenge opp i det. Deili å kjøle seg ned litt :)

 En kveld dinne veka hoppa eg på sykkelen og sykla Volda-Ørsta-Krøvelseidet-Volda.
Eg holdt på å dø av slitsomhet, men eg kom meg rundt..og med ny rekord; 1t32min :) 

Mandag så slo vi oss med Cindy og tok oss en tur til Ålesund. 

Vilde såg ei stooooor båt og vart so gira at ho nesten datt ut av bilen :)

No helde eg på med siste ferieveka mi. Og eg kjenne det skal bli godt, men tungt å komme tilbake på jobb igjen. Godt med tanke på å komme inn i rutiner igjen, og komme tilbake til kvardagen. Det blir tungt med tanke på at eg og Vilde har hatt skikkeli rolige morninga. Når ho våkna så sette eg bare på ein tegnefilm, så ligge vi ned i senga å slappa av ei goood stund, heilt til vi bestemme oss for at no er det på tide å stå opp. Så det blir hardt med vekkerklokke, og faste tider å stå opp :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar