torsdag 19. juli 2012

Sverige og Oslo :)

Når vi hadde sagt hade til Marianne og Amalie, så satt vi kursen mot Sandefjord. Der var vi innom tanta til Torgeir og søskenbarnet hanna. Vi skulle egentli overnatte der ei natt, men onkelen havna på sjukehuset, så da passa det litt dårli. Men vi fekk no helse på dei før vi reiste vidare. Tove diska opp med nydelige vafler og is. Det var veldig koseli :) 

Turen vidare gjekk med båten over til Strømstad, Sverige. Vilde var heilt i hundre over å få ta båt, og gleda seg veldig. Kjempe stas :) Eg syns ikkje de var like stas. Eg blir veldi fort båtsjuk, og med bølger og litt vind så vart ikkje turen så bra for min del. Vi hadde på forhånd bestilt oss buffe, men eg fikk ikkje nyte så mykje av den. Klarte å tvinge i meg et kyllingspyd, og det var det. Men, men..sånn er det no :) 

Vilde kosa seg med is til dessert


Vel over på landjorda igjen så tok vi inn på ei hytte i Strømstad for natta. Vilde fant tonen med nabojenta med en gang, og dei leika fint i lag heile kvelden. 



Dagen etter kjørte vi ned i Strømstad og handla litt, før vi satt kursen vidare mot Svinesund og Oslo. 
Vi handla mykje og bilen var ganske full etterkvart. Galskap spørr du meg :) hehe.. 

Litt lave bak da.. 


Vilde hadde veldig lyst på traktor, men vi hadde ikkje plass i bilen :) 


Et par tusen kroner fattigare og bilen full, så kjørte vi inn til Oslo. Der møtte vi tante AnnInger, onkel PerMagne, Therese og Erik. Vi satt å kosa oss på uterestaurant og med grilling seinare på kvelden. 

Tante og onkel satte kursen vidare mot Tyrkia, og vi reiste heim til Volda :) 


No er det vasking av klede, og rydding av alle tinga vi har kjøpt.



Og i morga reise eg til Eid for Malakoff Rockefestival :):)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar