torsdag 19. juli 2012

Grimstad :)

Etter vi var ferdig med besøket i Dyreparken så har vi kosa oss i Grimstad i lag med familien. Det har vore fint veir heile ferien, og vi har vore mykje ute. 
Mamma, Kristin og Kaila reiste heim att til Eid på onsdagen. Eller Kaila satt på med mamma og dei til Porsgrunn, der dei møtte pappaen til Kaila. 
Vi andre har vore å leika, handla, vore på Ikea, vore på stranda og bare kosa oss :) 
Her kjem enda eit bilderas. Du veit, eit bilde sei meir enn tusen ord :) 

 Kaila og Vilde i ballrommet.


Når vi var på Ikea, så fant Vilde ut at vi brukte so lang tid at ho måtte legge seg ned å tegne litt. Midt i eine utstillinga. 

Og det synes Amalie og var en strålande ide.

Torgeir kjøpte nytt Monopol, med minibankkort og greier:)

Første gangen vi spelte, så vant eg..

Og andre gangen vi spelte...så vant eg :) 

Siste dagen vår i Grimstad så var det skikkelige sommartemperatura, og vi tok en tur på stranda. 














Og etter strandturen så la vi oss ut på plenen og sola oss.. 

Mens jentene fekk bade i badebasseng.. 
Litt bedre temperatura enn i sjøen.. 


Vi hadde ei veldig kjekke veke i Grimstad og satsa på det ikkje blir så lenge før vi kjem tilbake :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar