tysdag 27. mars 2012

Helga vår :)

Etter jobb og barnehage på fredag, satte eg og Vilde kursen mot Eid for ei besta og tante helg :) Torgeir skulle spele "bowling-turnering" på lørdagen, så han kom når han var ferdig med det! 

Vi storkoste oss som vanlig, og var veldig heldige med veiret. På lørdagen tok vi med oss besta/mamma ned på Eid for å kike i butikka å handle litt. Eg er på utkikk etter bunadskjorte-body, men det fann eg ikkje. Så det endte opp med at vi kom heim att med mykje anna i steden, eller Vilde kom heim att med mykje anna. Både eg og besta handla litt kvar til ho, bortskjemta :) 

Besta kjøpte:
6 par sokka, to sommarkjola og to bukser :)

Etter vi hadde brukt penga på klede, så fant vi ut at vi måtte no en tur på kafè og. Vi møtte ei venninne av mamma og sonen på Westre kafè. Der satt vi ei god stond og kosa oss med lunsj og softis :) 


Vilde var veldi fornøgd med å få seg en softis, og ville egentli ikkje dele med nåken. Men både eg og besta var so heldig å få en liiiten smak :) 

Vi var og en tur i hallen for å sjå mitt minste søskenbarn, som ikkje er så liten lenger, spele handballkamp :) 

Kvelden tilbrakte vi på kvar vår sofa, med snop, kortspeling og tv ;) 

Søndagen starta med en tur på Utsikten. Eg, Vilde, Torgeir, mamma og Kristin. Det var en deilig å frisk måte å starte dagen på :) 

Vilde satt i bæremeis opp, og fekk gå litt på vei ned att. Kjekt å komme ut i frisk luft :) 


Vi avslutta eidabesøket med ei forsinka bursdagsfeiring til Silje. Der fikk vi god mat og enda bedre dessert. Tante hadde laga en nydeli, heimelaga Pannacotta med bær på. Herremin kor godt :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar