onsdag 11. januar 2012

Pakke i posten og badetid :)

Vilde har verdense kjekkaste og flinkaste oldemor. 
I dag kom der ein pakke i posten og inn i den pakken låg der heimestrikka dukkeklær. Såå fine :) 
Vilde var ikkje heilt enig i at dukke skulle ha dei på, ho ville helst ha på dei fine kleda sjøl :) 


Humøret til den sjuke lisje frøkna i huset har vore veldig varierande i dag. Feberen har gått opp og ned i heile dag, og det samme har humøret. Når klokka var 6 gjekk ho bort til trappa og meinte ho skulle bade. Eg prøvde meg med at vi kunne vente litt, men da kom krokkodilletårene..så da gikk vi å bada da :) Alt for at humøret skal vere på topp og jenta er fornøgd :) 

Og gud som vi kosa oss med badinga. Humøret var på topp med en gang vi kom inn på badet, og ho bada i 40 minutt, og var ikkje heilt enig i at ho var ferdi. Men vatnet var begynt å bli kaldt og det samme var jenta.. 


Sjå kor vi kosa oss :) 
Vilde meinte at mamma ikkje var fin nok på håret, så ho tok saken i egne (våte) hender :)

2 kommentarer:

  1. Hehe! Ekje vanskelig å sjå at ho he d gøy hvertfall! :-)

    SvarSlett
  2. Hehe! Ekje vanskelig å sjå at ho he d gøy hvertfall! :-)

    SvarSlett