måndag 30. januar 2012

Bursdagshelg :)

Etter ordre frå minstesysta mi så får eg vel blogge litt da. Det mangla absolutt ikkje på ting å blogge om, men det er så mange andre ting som blir prioritert foran det :)

Men i helga var vi på Eid for å feire den aller minste systa mi sin bursdag, ho vart heile 17 år :) 

Vakre lisje minstesysta :) 

Når vi kom til Eid på fredagen, på bursdagen til Kristin, så var ikkje bursdagsbarnet heime. Ho var ute å feire i lag med nåken venninner, med god middag og russerevy. 
Så vi kosa oss heime med mamma vi. Mamma hadde laga heimelaga pizza til oss, og Vilde var veldi glad for å sjå besta si igjen. Litt sjenert til å begynne med, men lure-smilet var framme heile tida :) 
Vi såg The Voice, og bare slappa av :) 

Lørdagen begynte med en tur på Eid. Vilde fekk vekke tanta si, og dra ho ut av senga. For ho måtte så klart vere med :) Vi var på Kala og brukte gavekortet vi fikk med begge systene mine til jul. Vi samla på Rosendahl Grand Cru, så vi kjøpte oss 4 rødvinsglas, 2 kvitvinsglas, 2 ølglas og 6 vannglas :) 
Vi vandra rundt på Eid for å finne bursdagsgave til Kristin, men ho var ikkje fornøgd med nåken av forslaga eg kom med. Så det endte opp med at det havna litt penga i lomma hinna i steden :) 

På ettermiddagen var det duka for familieselskap, og nesten heile familien var samla. Det var kaker, brus og masse kjekke samtalar. Vilde var heilt i hundre og leika seg med Silje og Andre ;) Er veldi kjekt med sånne fine søskenbarn som synes det er kjekt å leike med og passe på Vilde :) 

Kvelden tilbrakte vi på sofaen, men taco, ostepopp og kortspeling. Mamma vant begge rundene så det snakka vi ikkje meir om :):)

Søndag var en nydeli dag. Eg og Vilde stod tidli opp, og mens resten av familien sov, så tok vi turen ned i barnehagen å leika oss litt :) 


Etter formiddagskvilen til Vilde og middagen, så var det tid for en liten gåtur. Eg, mamma, Kristin, Vilde og Torgeir gjekk oss en tur på Utsikten. En koseli og fin tur i lag med familien :) Det var veldi glatt, og eg tryna skikkeli en gang. Slo hofta mi, og eine kneet. Stakkars meg :) 



Vi hadde ei veldi fine helg på Eid, og gleda oss allerede til neste gang :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar