fredag 9. desember 2011

Dagen vår :)

Vil bare vise dåkke nåken bilder fra dagen i dag :

I dag var det nissefest i barnehagen til Vilde, og då måtte ho så klart vere nissefrøken :)
Det e jammen ikkje lett å få tatt bilde av ei aktiv frøken med makk i rumpa :)

Når eg kom å henta ho i dag så hadde ho verdens stivaste hår. Og då kunne dei fortelle meg at ho hadde nesten "vaska" håret sitt med nissegrauten. Deili :)

Etter barnehagen og middag, så tok eg, Vilde og Cindy turen til i Røysløda der førskulelærar-studentane hadde laga til juleverksted. Der fekk vi høre julesang, juleeventyr, ungane fekk spele på instrument og dei fekk lage julepynt.
Vilde syns det var veldi kjekt med all musikken og dansa mykje. Ho fekk også låne eit rytmeinstrument og rocka skikkeli :)
Vi møtte Ingrid og Kristian der. Vilde syns det var veeeeldi stas, og eg trur herved at Ingrid er Vilde sin nye yndlingsperson :) 

Vi tok turen nedom sentrum og såg litt i butikkane før vi reiste heim att :) 

Vilde er veldig glad i å leike med dukker og dukkevogner. Ho kan leike med det i lange tider. 
Og i kveld storkosa ho seg virkeli. Trilla rundt på dukkevogna, opp og ned på dukkene, prøvesitte vogna litt sjøl.. Veldi kjekt :) 

Så var det tid for kvelds :) Og mens eg laga til kveldsen så stod Vilde på en krakk ved benken. Eg følgte ikkje heilt med og plutseli så hadde ho kakka nasa ned i kanten!! :/ Et fælt hakk på nasa si, og mykje tårer...

Men ho tok ikkje skrekken av den grunn. Mens mammsen var en liten tur på do, så var Vilde opp på krakken igjen, henta leverposteien og stod å åt den i stua når eg kom inn att :) 
Så dagens kvelds vart skive med leverpostei, og leverpostei til dessert :):)

No ligge verdens søtaste frøken i senga si å søve søtt og mammsen lure på om ho skal legge seg. Eg er heilt gåen i heile kroppen, og kjenne det skal bli godt med natt!! 

Ha ei fortreffeli natt alle sammen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar