tysdag 29. november 2011

Vilde har fått seg nye sko :)

Vilde har fått seg nye sko :) 
Torgeir hadde ho med seg på shopping i dag, og da kom ho heim att med ett par Dockboots :) 

Skoa er kjøpt på Sko Pluss i Volda :) 

No når det er begynt å nærme seg vinter og slaps, så er det greitt å ha et alternativ til Goretex skoa til dei kalde, slapsete dagane :)

måndag 28. november 2011

Eeeenda et julegaveønske :)

Jada, eg kjem på nye ting Vilde ønska seg til jul heile tida. Så det er bare å følge med :)

En super fin lilla ullkjole frå Janus :):)



Og lekre ullkle med blondekant på :)

 Stod å sneik litt på ho i barnehagen i dag, og da leika ho så fint med en sånn bomdegård :)

1 søndag i advent

I går var det første søndag i advent, 
og etter ei koselig helg på Eid med 75-årsfeiring av gode bestemora mi, 
så var det godt å sette seg i sofaen å bare nyte synet av stearinlysa som laga koselig stemning i stua :)



fredag 25. november 2011

Advent :)

No sitte eg i sofaen å nyte en nyvaska og adventspynta heim :) Eg elska adventstida, og alt den føre med seg. All familiehygga, julegavehandlinga, pynten, juleforberedelsane og all kosen. Fantastisk :) 
Eg skulle gjerne vist dåkke bilder av den fine, adventspynta stova mi, men pga at eg mangla et par lilla lys så får bildene vente til over helga. Eg var faktisk å handla inn lys for et par daga sida, men klarte tydelivis ikkje å kjøpe nok :) 

Eg har også laga klart adventskalendaren til Vilde mi :) Egentli så er ho litt liten til å skjønne nåke av det, meen eg ville så gjerne at ho skulle få en kalender i år:) 
Så da fant eg ut at eg kunne kjøpe Singsang kort og pakke inn en sang til kvar dag. Vilde elska å synge og danse, så det passa heilt perfekt :)

 Mine aller første sangkort:)

 Her ser du litt av dei korta som er i pakken :)

20 innepakka sangkort. Der var ikkje nok kort til alle 24 dagane, så da får ho en Kinder-sjokolade kvar lørdag og på julafta :)
 Julekalendaren :)
Dinne fekk eg egentli med min kjære et år, men no har Vilde fått arva den :)


Og so har ho jo fått en liten sjokoladekalender med gode oldemora si i Holvika :)

No er vi klare for den koselige adventstida :)




torsdag 24. november 2011

Ekstra ønske :)

Et lite ekstra juleønske frå ho Vilde :) 
Ho kom å kviskra til meg at ho hadde kjempe lyst på ei lilal dukkeseng :) *fnis*

Dinne senga frå Smallstuff er bare rålekker :)

onsdag 23. november 2011

Dusjevennen :)


Ei lita snuppe som elska å dusje :)

En tur på Åse og Moa :)

På mandag var vi en tur til Åse sjukehus med Vilde-mora. Når vi var på ordinær ultralyd når Vilde var i magen så hørte dei en bilyd på hjertet hinna, og kvar kontroll vi har vore på så har dei "kontrollert" dinne bilyden. Og på 1 års kontrollen bestemte dei seg for å henvise oss til barneavdelinga på Åse for å ta EKG og ultralyd. 
Vi fekk time på mandag, og satte kursen mot Ålesund for både sjukehusbesøk og julegaveshopping :)

Ho hadde time kl 10, så det var tidlig opp og avgårde. Ingen problem her i huset da vi har en morgenfugl :) 
Eg var litt nervøs for dinne kontrollen, sjøl om eg ikkje mistenkte at det var nåke alvorlig gale med jenta vår. Ho er frisk, og veldig aktiv.

Litt leik og tøys på venterommet :)
Vi kom inn til ei kjekke dame som tok veldig godt i mot oss. Ho lytta litt på hjertet til Vilde først og ho hørte godt bilyden. Vilde var heilt fasinert over stetoskopet, og fulgte nøye med. 
Sååå kom utfordringa; Vilde måtte ligge i ro ei god stund på sjukebenken mens ho var kobla til EKG og vart tatt ultralyd av. Så da var det fram med underholdaren i meg, og med "Lille Petter Edderkopp" på repeat så låg ho i ro så lenge som det trengtes. 

 Flinke jenta

Og legen var veldig fornøgd etter undersøkelsen og sa at hjertet hinna var heilt perfekt. Det var akkurat passe stort, og det såg heilt flott ut. Så det feilte ho ingen verdens ting :) 
Forklaringa på bilyden kan vere at hjertet til små unga ligge mykje nærmare huda og da høre en alle smålyda mykje bedre, som f.eks at blodet brusa gjennom dei tynne årene, eller små lekasjer som er heilt ufarlige. 

Etter kontrollen på sjukehuset så tok vi turen på Moa.

 Vilde måtte ha seg ei pause i all handlinga :)

Der var det tid for litt julegaveshopping, og litt anna. Vilde fekk seg nåken nye ullkle, kjole osv til feiring av oldermora på Eid i helga og litt diverse smådill til oss voksne :)
Vi avslutta dagen på Peppes Pizza i lag med Sindre :)

Pakke i posten :)

Vilde har verdens beste og mest omtenksomme oldemor :) 
I går når vi henta posten så låg der en stor pakke adressert til Vilde mi, sendt heilt i frå Holvika i Måløy :)
Og i den pakken var der:

En sjokoladekalender, nåken sjokoladenisser og et hærlig kort :)

Så no er Vilde så heldig at ho får en liten sjokoladekos kvar dag mens ho tenker på oldemora si :) 

"Tuuusen takk oldemor, 
klem frå Vilde ♥"

måndag 21. november 2011

Årets julegaveønsker :)

Årets julegaveønsker :) 

Vilde : 

Diverse leiker, b.a:

 Legoklosser

Leiketelefon med musikk
Buss

Kjøkkenutstyr 
(ho får leikekjøkken med oss)

Leikemat til kjøkkenet



Ull er gull 

Ellers så ønsker ho seg klede i str 86-92 :)

Meg og Torgeir:


Diverse ting frå Rosendal Grand Cru
(vi har to vinglas, et par skåler, vannkaraffel og 6 vannglass)


Serviset Nathalie frå Porsgrunn
(vi har 6 stk av kvar i kaffiserviset)


Sausenebb, serveringsfat og diverse frå juleserviset til Nille

Laken (180 cm)

Gavekort på Skeidar, møbelringen osv.. 
(vi ønsker oss nye tepper og/eller gardiner)



Det var det eg kom på i farta. Det vart plutseli veldig vanskelig å ønske seg nåke :)

søndag 20. november 2011

Julekort

Før helga så rigga han Torgeir til eit lite "heimestudio"på gjesterommet vårt. 
Han fant ut at det var på tide å ta bilder til årets julekort :) 

Men det var ikkje like lett som i fjor.. 
I fjor så låg ho heilt stille på et lammeskinn med ei lita nissehue på, 
og i år var ho høgt og lavt med nissehua like mykje av som på :) 
Så det vart et par hundre knips og mykje latter mens vi holdt på :) 

Her kjem nåken av bilde som ikkje vart med på årets julekort:

Hærlige rødnissejenta :) 
 *fnis*



laurdag 19. november 2011

Ugler :)

En lekker uglepose til en kjekke Kevin-gut :) 


:) :)

onsdag 16. november 2011

Blånisse :)

Sida årets julekalender på Nrk er Jul i blåfjell så måtte no lisje frøkna mi få seg ei blånissehue :) 
Eg tok utfordringa og strikka ei til ho. Det var ikkje så veldig vanskeli, så tilogmed eg fikk det til. 
Og eg må sei meg fornøgd med resultatet :)

Søtaste blånissejenta eg har sett

(Vilde er himla vanskelig å få tatt bilde av for tida, skal helst stå bak kamera ho. 
Så da brukte vi speilet som underholdning, så det vart ikkje det beste bildet) 

Oppskrift + garn er forresten kjøpt på Nille :)

søndag 13. november 2011

Julemesse og middag :)

Vi har vore på julemesse på Bratteberg skule i dag. Vi var på vei ned til svigers for å ete middag, og da ringte ho Ingunn å lurte på om vi skulle på julemesse. Vi hadde egentli ikkje tenkt, men tenkte det kunne vere kjekt å sjå ka dei hadde der. Vi møtte ho Ingunn der nede og Vilde synes det var stas å få vere i lag med bestemora.
Vi gikk ei stund og såg på alt dei fine dei hadde laga. Og jammen kom ikkeje Vilde heim att med to nye ting. Bestemora kjøpte ho ei hærlige klemme med en hekla blomst på og ei tøffe strikka hue:)

 Vilde la seg før eg kom på at eg måtte ta "in-action" bilde av hua mens ho hadde den på :)

Ho fekk også ta lodd på to ulike plasser. Eine vant ho trøstepremie på, og da fekk ho velge seg en twist. Og på den andre så fikk vi telefon etter vi var komt opp i Fransvegen om at ho hadde vunne nåke der og. Litt usikker på ka premien var der, så det får vi bare vente å sjå :)

 Spennande med lodd. Her ser en også klemma som Vilde fekk :) 

Etter julemessa så tok vi turen opp til svigers for å ete middag. Og der vart vi fram til det var leggetid for Vilde-mora :) 
Vilde er blitt ei skikkeli tyte-maskin. Ho prata i ett sett, er ikkje lenge det er ro i verken kroppen eller munnen. Det er ikkje så mange av orda som er så veldi forståelige enda, så det er ikkje alltid like lett å skjønne ka ho sei :)

No ligge frøkna i senga og søve, mens Torgeir er på jobb å skifta dekk på firmabilen. 
Eg skal gjere en ekstra innsats på blånissehua til Vilde. Kansje eg blir ferdi i kveld :)

Farsdagen :)

Gratulerere med farsdagen til verdens beste Torgeir :) 
I dag er det altså farsdag, og Vilde har virkeli feira pappaen sin. Ho begynte dagen halv 6 og dro med seg pappaen sin opp i stua! Egentli er det vel eg som skulla ha stått opp med ho og latt pappaen sove lenge i dag, meeen ka er vel bedre enn å feire farsdagsmorgen i lag med den aller beste Vilde :) (eller so var det vel egentli det at han var so innmari trøtte i går når han skulle stå opp med ho, at eg tok det då og so var det hanna tur i dag. Mammsen trenge å sove ho og veit du)

Når eg stod opp så tok eg med meg Vilde inn på boda der vi hadde gjømt en liten overraskelse til pappaen. For på fredag var vi å handla inn maling og lerret, så fekk Vilde kose seg og lage et vakkert kunstverk til pappaen sin :)

  Ei lita konsentrert frøken som gjer sitt aller beste for å lage ei perfekt gave til pappaen sin :) 

Her er resultatet:

No har vi kosa oss med egg og eggerøre til frokost. 
I dag blir det en skikkeli familiekosedag

Gratulerer med farsdagen til min egen gode pappa. 
Skulle virkeli ønske du fremdeles var her i lag med oss. 
Håpe du har det bra der du er no, og at du veit kor glad eg er i deg.   
♥♥

onsdag 9. november 2011

Yup :)

Gjennom likenshare så fekk eg tilsendt to pakkar med Läkerol Yup. Eg hadde smakt den rosa før og syns den er veldig god. Så eg var spent på om den grøne var like god. 
Den rosa/lilla er smaken av sure bær, mens den grøne er kiwi og pære:) 

Første gang eg smakte den grøne så syns eg den var heilt grei. Ikkje ekkel, men ikkje sånn kjempe god heller. Men etter å ha smakt et par stk, så vart inntrykket bedre. Den vart bare bedre og bedre jo meir eg åt av den :) 

Torgeir fekk også smake og han syns den grøne var best. Han meinte at den holdt bedre på smaken og var like god heile tida :) 

Så løp og kjøp, finn din favoritt:)

Sjukedag

Eg og Vilde har ein koselig sjukedag heime. Vilde er full av prikkar/blemmer, og har enten fått vannkoppa eller munn, hand, fot sjukdom. Det er veldi vanskeli å sei, for dei to sjukene e veeeldi like syns eg. Vilde har masse blemmer på rompa og låret, et par på armane og føta. Men ingenting inn i hendene, under føtene, i munnen/ansiktet eller på mage/rygg. Så ut i fra det så har ho ingen klare signal om at JO, DET ER VANNKOPPA eller JO, DET ER MUNN, HAND, FOT SJUKDOM! 

Det går munn, hand, fot sjukdom i barnehagen, så derfor trudde eg at det var det ho hadde fått. Men i følge legen så begynte prikkane/blemmene på feil plass så det kunne ikkje vere det. Så han trur det er vannkoppa! 


Her er et bilde av låret hinna. Kva du trur som feila den lisje søte frøkna mi?
Vannkoppa eller munn, hand, fot sjukdom? Eller nåke heilt anna??

Ho er heldivis i godt humør, og er ikkje så veldi sjuke bortsett frå at ho er smittsom :)
Så det blir nok et par daga med heimekos før ho får lov å komme i barnehagen igjen! 

No ligge snuppa i vogna si å søve, så eg skal utnytte anledninga til å fortsette å strikke på blånissehua som eg begynte på i går :)

fredag 4. november 2011

Jenta mi :)

Vilde er blitt så flink å spare penga. Flinke å putte dei på sparebøssa si :)

Store jenta som har "vokst" ut av tripptrapp stolen sin. Kjekkast å sitte på vanlig stol å ete middag :) 

Kveldskos i kosestolen til pappa :)