søndag 23. oktober 2011

Helga :)

Åå..kor vi har kos oss på Eid i helga! :) Vi har kosa oss masse i lag med mamma og systa, shoppa litt, sett på lefsebaking, spelt kort, og bare slappa av :) Det er fremdeles litt rart å komme på besøk til mamma uten å bli møtt i gangen av Kaila og Amalie. Men dinne helga fekk vi prata så vidt med dei på Skype. Var veldi kjekt å sjå gullungane mine igjen, og eg kjente kor mykje eg savna dei! Dei kjem ikkje heim før jul, så det gleda vi oss veldig til. Eg har lyst å ta med meg Vilde å besøke dei i løpet av November, men det spørs om eg får det til E vanskeli med jobb og alt anna som foregår!

Tilbake til helga.. på lørdagen var vi en tur på Eid å handla inn litt ullkle til ei søt lita frøken Vilde :) Etter å ha varma godt opp minibankkortet til han Torgeir, så satt vi kursen opp til tante Lise. Der var resten av familien å baka lefse. Tantene kjevla, mamma og Anniken steikte. Og det vart tilogmed ei prøvesmaking når dei var ferdige! Dei var farlig gode :)

 Vilde og crazy-tanta :)

Farmor kom på besøk mens vi var der oppe, så ho vart med oss heim på lørdagskos med taco. Nydelig godt :)
Eg hadde kjøpt ho Vilde en Kinder Maxi og Sprett eplejuice til lørdagssnop. Det var stas :) Er sjeldent ho får søtsaker, så ho blir ekstra gira når ho først får nåke.
Kjekt med litt ekstra kos av og til :)


 Yumyum..

I dag lagde mamma heimelaga kjøttkaker til middag. Det er så nydeli godt:) Dei falt i smak hos Vilde også, ho åt 3 kjøttkaker og ei potet og "mmmm`a" seg gjennom heile måltidet. Ekstra stas var det når ho fikk sitte på fanget til besta å ete :) *bortskjemt*

Mamma var i strikkemodus mens vi var på besø, så Vilde kom heim att med 2 par tjukkesokka og ett par vottar :)
  Dei matcha tilogmed gensaren som mamma strikka til ho og som eg viste dåkke i forrige innlegg! :)


1 kommentar: