tysdag 18. oktober 2011

For dårlig..

No har eg fått kjeft for at eg blogga for lite. Vilde har ei desperat tante i Grimstad som føle ho får sett altfor lite til tantegullet sitt. Så no tar eg meg sjøl i nakken og skal bli flinkare å blogge. Eg er ferdig med både årsplan og foreldremøte, så no er vi tilbake til kvardagen igjen :) 

På lørdag så reiste eg å Vilde til Eid for å besøke besta og minstetanta. Vi fekk også tid til å leike oss litt i lag med Veronika, Alexander, Stine og Thea. Det var veldig kjekt :) 
Vi hadde egentli bare planlagt en dagstur til Eid, men plutseli så overnatta vi der også. Eg storkosa meg alltid heime, og sette stor pris på den tida vi tilbringer der. Vilde syns det er kjempe stas å vere att med besta si og minstetanta, ho blir god å bortskjemt :) 

Vi kosa oss heile helga, og på søndag spanderte mamma middag på oss ute. Vi tok turen ned på Dolca Vita og spiste god mat. Vilde hadde som vanlig ikkje ro i rumpa til å sitte stille meir enn ti minutt, så ho gikk å vandra rundt. Ho fant seg ei store jente som ho gikk å leida på ei stund, kjekt med underholdning :) 

Tida gikk som vanlig altfor fort, og plutseli så var det tid for å reise heim att. Vi gleda oss allerede til neste gang vi skal heim til Eid, kansje allerede til helga :)

Et lite bilderas frå helga:

Ei lita snuppa som ikkje va klar for å legge seg :)

Så må eg bare legge ut en del bilder som mi kjære lisjesyste har fylt telefonen min med :
















Tenk om ho skulle vere halvveis normal da :) hehe..

2 kommentarer:

  1. Hahahahaha.. Eg tror eg dør av latter ! Eg har ett par slike bilde på dataen - og ett av de har hun gjort om til bakgrunnsbilde:) Ho er bra skjønn <3

    SvarSlett
  2. Kjenne til ditta der med tida og prioritering ang. bloggen;)
    Nydelige bilder av søstera di, må sei ho he vore særs kreativ foran kamera:p

    SvarSlett