onsdag 3. august 2011

Vi har vore på ferie :)

No e vi heime igjen frå ferie. Vi har hatt nesten 2 veker med deili ferie, og har både besøkt familie og vore på harryhandel:)
Første stopp var i Grimstad på besøk med Marianne og tantegulla mine. Det var utruli godt å sjå dei igjen, og vi storkosa oss i 5 daga i lag med dei. Vi var heldige og fekk skikkeli deili sommar mens vi var der. Ungane storkosa seg i varmen, og Vilde fekk endeli brukt sommarkleda sine :)

Sommarkos :)

Bestevennane :)

Kaila fekk låne kameraet litt, og her er resultatet :)

Hærlig :)
Etter å tatt et tårevått farvell på fredagen, så satte vi kursen vidare mot Sandefjord. 

Der var vi på besøk med tanta og onkelen te Torgeir, og var i "grillparty" ho søskenbarna hanna :) 
Det var veldi koseli, og Vilde storkoste seg med all oppmerksomheten :)
Eg tok desverre nesten ingen bilder herifra, men onkelen til Torgeir tok mangen bilder som vi skal få etterkvart.. 

 Vilde fekk seg pakke med tanta og onkelen te Torgeir, og så kosa vi oss på grillings :)

Lørdag tok vi båten over til Strømstad og var på skikkeli harryhandel. Vi fylte bilen med klede, leika, brus, godteri :) 

Litt bilder frå båt-turen :)

Vi skulle egentli til Ullared, men sia vi allerede hadde fylt bilen både på IKEA og anna shopping så vart ikkje de. Kansje like greitt med tanke på at vi klarte å bruke nok penga :)


Frå sverige gikk turen vidare til siste stopp for turen: Oslo:) 
Vi overnatta med Therese og Erik frå søndag til tirsdag. 
Også her fekk vi virkeli oppleve sommaren. Deili sol og varme :) 
Mens Therese var på jobb så utforska vi butikkane i Karl Johan, var innom "blomsterhavet" etter Oslo og Utøya, og spiste is på Aker brygge. 
På tirsdag hadde Therese seinvakt så da pakka vi en tur på kafe, og so pakka vi med oss lunsj og tilbrakte resten av formiddagen i parken. Vi grilla pølser og kosa oss i sola :)

På trilletur i Karl Johan og på slottet :)

En tur på taket til operahuset måtte også til :)

Så mange blomster og gode ord!!
Leiking i parken :) 

Når Therese måtte på jobb, så satte vi oss i bilen og satt kursen på vei heim att. Vi var en liten snartur innom IKEA å kjøpte nåke som var utsolgt på sørlandet, og so susa vi heimover :) 

Vi har virkeli storkosa oss på ferie, men det var deili å komme heim att og :)

1 kommentar: