tysdag 16. august 2011

Utdrikkningslag :)

I helga har eg vore i Bergen på utdrikkningslag til mi kjæraste Ingvil :)
Eg satt meg på flyet på fredag med sommarfugla i magen og gleda meg veldig til både å besøke Veronika og til å overraske Ingvil på lørdagsmorningen :) 
Eg og Veronika kosa oss med heimelaga pizza, litt sladder og god kvalitetstid. Planen var å legge oss tidli sida vi skulle tidli opp på lørdag, men plutseli så var klokka nesten midnatt. Tida flyr i godt lag :)

Lørdag stod vi opp tidli og bussa oss inn til sentrum. Vi møtte resten av gjengen og bussa vidare til dit Ingvil bur. Eg kjente at eg fekk litt sommarfugla i magen og vart litt nervøs når vi nærma oss leiligheta til Ingvil. Var veldi spent på kossen ho kom til å reagere :) 
Vi tok ho bokstaveli talt på senga. Stakkars jenta hoppa i senga når vi kom stormande inn i leiligheta. Gjertrud hadde fått nøkkel med Kristian, så vi kom veldig overraskande på besøk :) 

Vi starta dagen med å sende den kommande bruda på Spa der ho fekk deili ansiktsmassasje og litt sminke. Mens ho var der så laga vi til piknik i parken! Vi kosa oss med god pastasalat og litt godt i glaset. Ingvil slappa av og koste seg i lag med oss. Ho ante fred og ingen fare :) 
Når vi kom ned i leiligheta til Marit etter piknikken, så fekk ho beskjed om at neste oppgave var å selge heimelaga cupcakes på torgalmenningen og fisketorget. Da vart ho med ett litt skeptisk, men tok utfordringa på strak arm. Ho var skikkeli tøff :) Men en ting må eg sei, bergensera e vanskelige folk :)

Finaste Ingvil :)

Etter å ha frista en god del bergensera så belønna vi oss sjøl med ei utepils. Det var skikkeli deili veir, og da va det perfekt å sitte ute :)


Resten av kvelden tilbrakte vi i leiligheta til Marit, der vi kosa oss med Tapas, hattemorro og artige leika :) 

To gode venninner i godt humør :)
Eg hadde en utruli kjekk kveld og gleda meg veldi til bryllupet! :)


1 kommentar:

  1. Utdrikkingslag e so utrulig artig når bruda blir med på det;) Ser ut til å ha vore ett perfekt utdrikkingslag ;)

    SvarSlett