søndag 7. august 2011

Min siste dag..

I dag er siste dagen min som heimeværande mamma, og i morga begynne eg på jobb igjen. Det er veldig trist å tenke på og eg kjenne eg blir litt dårli av heile tanken. Ikkje på grunn av at eg må på jobb, men fordi eg må vere vekke frå Vilde mesteparten av dagen! Eg blir kvalm bare av tanken..alt eg går glipp av, og alt ho lære seg mens eg e på jobb!
Vilde skal "heldivis" vere heime med pappaen sin et par veke til før ho begynne i barnehagen.
Tenk det da, lisje babyen min skal bli store barnehagejente!
Heilt sprøtt :)

I dag har eg virkeli storkosa meg i lag med Vilde. Vi begynte dagen med litt kos på sofaen, og leik i stova. Etter Vilde hadde sove morgenluren sin så fekk vi besøk av Emma og Ella, Synnøve og Kevin. 
Vi leika og kosa oss i sola ute på plattingen :)


Når vi var på IKEA så fekk Vilde seg ei store, runde reie, og i dag hengte Torgeir den opp :) 
Det var veldi gøy, og Vilde klatra opp og ned av den heilt sjøl :)
Resten av dagen har vi vore inn å kosa oss.
Eg har virkeli utnytta kosehumøret til Vilde og fått mange gode kosa i dag:)
 Eg lagra dei godt i hjertet mitt og tar dei fram viss savnet blir for stort mens eg e på jobb :) 

Vi har hatt litt problem med at Vilde ikkje har hatt nåke særli matlyst dei siste vekene. Ho har bare spist en bit her og en bit der! Ingenting har vore godt nok, og ho har bare spytta ut det ho har fått i munnen. Eller ho har funne ut at viss ho stikke tunga si ut så dette maten av etterkvart :) 
Vi har prøvd det meste trur eg, ulik type graut, middag, pålegg.. Vi har prøvd most, ikkje most, heil skive, små bita dyppa i fruktmos.. Ho har fått ete sjøl, blitt mata, leika maten inn i munnen.. 
Men ingenting har vore godt nok for den lisje frøkna! Det har vore frustrerande å ikkje få i ho mat, men ho har vore i godt humør, mykje energi og frisk i kroppen, så eg har ikkje vore så veldi bekymra enda! 
Trur egentli det er en kombinasjon av ferie-varme-hjørnetenner som har plaga ho.. 

Men i dag ser det ut til å ha løsna litt på ettermiddagen. Ho fekk spise middagen sjøl med skei og fingra, og da spiste ho nesten en heil tallerken! Og til kvelds så pirka ho i seg over ei halv skive uten pålegg. Og det er meir enn ho har spist på nesten 3 veke. Så eg e super happy, og kryssa fingrane for at det vare :)

Flinke jente og spise sjøl :)
Eg og Vilde avslutta kvelden med litt kos på sofaen. Eller eg kosa på sofaen og ho låg i ro i ca 3 sekund før ho vart en supermakk og turnar :) 
Men det var koseli så lenge det varte :)


No skal eg finne fram Årsplanen og lese ferdi om den nye barnehagen som eg skal begynne å jobbe i. 
Kjenne eg har sommerfugla i magen og gleda meg veldi til å sette i gang, bli kjent med dei eg skal jobbe att med og planlegge det kommande år :)
Ønsk meg lykke til :)

2 kommentarer:

  1. LYKKE TIL SYSTA MI <3

    Vi krysser fingrene for deg i dag ! Ditta kommer til å gå kjempe bra :D Du er så flink atte !

    SvarSlett
  2. Lykke til i ny barnehage! Blir sikkert kjekt :)

    SvarSlett