måndag 29. august 2011

Første dagen i barnehagen

I dag har Vilde hatt sin aller første dag i barnehagen. 
Og den gikk strålande :) 
Eg hadde store sommarfugla i magen heile morningen og var skikkeli nervøs. Skulle nesten tru det var min første dag i barnehagen :) 

Vi kom til barnehagen klokka halv 10, og fikk ei lita omvisning først. Når vi kom inn på avdelinga så gikk Vilde rett bort til alle leikane og begynte å utforske med en gang. Ho ensa nesten ikkje at vi var der en gang, og mens vi fylte ut alle papira så var ho i lag med ped.leiaren og leika seg :) 
Vilde storkoste seg og var heilt henrykt over alle leikane som var der.
Kjempe spennande :) 

Ho fekk vere med på måltidet og satt så fint som ho aldri har gjort før. Trur ho syns det var veldi stas å ete i lag med dei andre ungane :) 

Så masse leika :)

Litt sjokkert må det vere lov å vere første dagen i barnehagen :)

Leikekjøkkenet var kjempe stas :)

Heilt klar for mat :)

I morga blir det kun han Torgeir så skal vere med i barnehagen, for eg må på jobb igjen! Blir spennande å høre kor det går når ho skal prøve seg litt aleine :)

1 kommentar:

  1. Godt å sjå ho kosa sej! Ser ut som ho skal få d fint der :)

    SvarSlett