søndag 28. august 2011

Barnehagestart :)

Eg sitter her med skrekkblanda fryd og sommarfugla i magen. 
I morga er det aller første dag i barnehagen for lisje frøken Vilde! :)

Eg kjenne at eg grua meg litt til å sende ho fra meg og la andre passe på ho heile dagen. Lika lite å måtte gje frå meg kontrollen og stole på at andre tar seg av det mest dyrebare eg har i livet.
Eg veit at Vilde har veldig godt av å komme i barnehagen, komme seg ut blant andre unga og få nye utfordringa i kvardagen, men det stikke litt når eg tenke på at ho skal begynne i barnehagen allerede:)

Det er kansje rart at eg som barnehageansatt kvir meg på å sende jenta mi i barnehagen. Men det er ikkje det at eg tvila på at ho kjem til å ha det bra. For eg veit at ho kjem til å ha det bra, ho kjem nok til å storkose seg. Det er meir tanken på at ho er blitt så store, at ho nesten vekse i frå meg. Lisje babyen min som er blitt så sjølvstendig og flinke, og som no kjem til å lære seg masse nye ting og få mange nye venna, UTEN mammsen sin. Eg tenke tilbake på den tilvenninga eg har gått gjennom på jobb, og kor enkelt det har vore å sagt til foreldra at ditte går bra, og at dei bare kan slappe av.. Kor kjekt det har vore å sjå at sjøl om dei gråta litt når dei blir levert, så går det fort over og dei storkosa seg resten av dagen. 
Men det er nåke HEILT anna når det er min egen unge det er snakk om, det er tøft og eg kjem nok til å gå heile dagen å lure på om ho har det bra og om ho savna mammaen sin.

I kveld har eg pakka ned alle kleda ho skal ha med seg i barnehagen, vogna er komt i bilen og alt er merka med navnelappar og stempel! Lure litt på om eg har huska alt, om ho har det ho trenge. Veit eg må sta å handle et par ting i morga og vognposen er bare halvferdig, men det skal nok gå bra. Ho trenge nok ikkje så mykje første dagen uansett :) 

No skal eg ta å finne senga og prøve å få meg litt søvn før den store dagen :)
Tenk at lisje babyen min er blitt store barnehagejente. Guri kor tida flyr :)

1 kommentar: