onsdag 31. august 2011

1 årskontroll :)

Eg huska det!! Eg huska 1 årskontrollen til Vilde i dag :) 
Ho skulle egentli på kontroll forrige veke, men på grunn av ett fult haud så glømte eg heile greia. Eller det vil sei, eg trudde det var på torsdag. Men når eg sjekka timekortet på onsdag for å dobbelstjekke tidspunktet så såg eg at det var visst på onsdag :/
Men i dag var det da tid for kontroll! :) 
Både veiing, måling og vaksine. 

Nyfødt: 3080 gr, 48 cm
6 mnd: 6325 gr, 65,5 cm
1 år: 8700 gr, 74 cm

Ho har jammen vokst seg stor å fin i løpet av sitt første leveår. 
Syns det er så sprøtt å tenke på at lisje, søte babyen min er blitt til ei stoor og enda søtare jente! :) 

Eg grudde jo meg som vanlig til vaksina. Men i dag gikk det over all forventning! 
Ho skreik i det helsesøstra stakk sprøyta, men med litt smukk og kos så var humøret på topp igjen på under et halvt minutt :) 
Tøffa mi :)

tysdag 30. august 2011

Første dagen aleine i barnehagen, og haustpose :)

I dag har Vilde vore i barnehagen heilt aleine for første gang:) 
Torgeir var der ei lita stund, men etter maten så vinka han hade og reiste heim. Vilde syns det var heilt greitt, vinka hade til pappsen sin og vart med en av dei voksne på badet :) Og når han Torgeir kom å henta ho så var dei ute å leika seg i regnet. Vilde hadde kosa seg heile dagen og vore i strålande humør :) Det varma mammahjertet mitt :)
Flinke, store jenta mi :)
Gleda meg til torsdag, for da har eg tidligvakt så da får eg hente ho og sjå kor kjekt ho har det i barnehagen :)

Sida Vilde er begynt i barnehagen, så trengte ho seg en ny vognpose til den vopgna ho har der. Eg bestilte verdens kulaste stoff, og sydde ho en haustpose! :)


Litt dårli bilde. Det er tatt i dag tidli i lettare stressa tilstand :)
Eg syns innerstoffet er råkult :)

måndag 29. august 2011

Ilse Jacobsen

I siste liten så melde eg meg på en konkurranse som eg fant på en blogg
Trekninga er i dag og eg håpe eg ikkje er for sein :)

Eg har så lyst på sånne fine Ilse Jackobsen støvla :):)

Kryssa fingrane :)

Første dagen i barnehagen

I dag har Vilde hatt sin aller første dag i barnehagen. 
Og den gikk strålande :) 
Eg hadde store sommarfugla i magen heile morningen og var skikkeli nervøs. Skulle nesten tru det var min første dag i barnehagen :) 

Vi kom til barnehagen klokka halv 10, og fikk ei lita omvisning først. Når vi kom inn på avdelinga så gikk Vilde rett bort til alle leikane og begynte å utforske med en gang. Ho ensa nesten ikkje at vi var der en gang, og mens vi fylte ut alle papira så var ho i lag med ped.leiaren og leika seg :) 
Vilde storkoste seg og var heilt henrykt over alle leikane som var der.
Kjempe spennande :) 

Ho fekk vere med på måltidet og satt så fint som ho aldri har gjort før. Trur ho syns det var veldi stas å ete i lag med dei andre ungane :) 

Så masse leika :)

Litt sjokkert må det vere lov å vere første dagen i barnehagen :)

Leikekjøkkenet var kjempe stas :)

Heilt klar for mat :)

I morga blir det kun han Torgeir så skal vere med i barnehagen, for eg må på jobb igjen! Blir spennande å høre kor det går når ho skal prøve seg litt aleine :)

søndag 28. august 2011

Barnehagestart :)

Eg sitter her med skrekkblanda fryd og sommarfugla i magen. 
I morga er det aller første dag i barnehagen for lisje frøken Vilde! :)

Eg kjenne at eg grua meg litt til å sende ho fra meg og la andre passe på ho heile dagen. Lika lite å måtte gje frå meg kontrollen og stole på at andre tar seg av det mest dyrebare eg har i livet.
Eg veit at Vilde har veldig godt av å komme i barnehagen, komme seg ut blant andre unga og få nye utfordringa i kvardagen, men det stikke litt når eg tenke på at ho skal begynne i barnehagen allerede:)

Det er kansje rart at eg som barnehageansatt kvir meg på å sende jenta mi i barnehagen. Men det er ikkje det at eg tvila på at ho kjem til å ha det bra. For eg veit at ho kjem til å ha det bra, ho kjem nok til å storkose seg. Det er meir tanken på at ho er blitt så store, at ho nesten vekse i frå meg. Lisje babyen min som er blitt så sjølvstendig og flinke, og som no kjem til å lære seg masse nye ting og få mange nye venna, UTEN mammsen sin. Eg tenke tilbake på den tilvenninga eg har gått gjennom på jobb, og kor enkelt det har vore å sagt til foreldra at ditte går bra, og at dei bare kan slappe av.. Kor kjekt det har vore å sjå at sjøl om dei gråta litt når dei blir levert, så går det fort over og dei storkosa seg resten av dagen. 
Men det er nåke HEILT anna når det er min egen unge det er snakk om, det er tøft og eg kjem nok til å gå heile dagen å lure på om ho har det bra og om ho savna mammaen sin.

I kveld har eg pakka ned alle kleda ho skal ha med seg i barnehagen, vogna er komt i bilen og alt er merka med navnelappar og stempel! Lure litt på om eg har huska alt, om ho har det ho trenge. Veit eg må sta å handle et par ting i morga og vognposen er bare halvferdig, men det skal nok gå bra. Ho trenge nok ikkje så mykje første dagen uansett :) 

No skal eg ta å finne senga og prøve å få meg litt søvn før den store dagen :)
Tenk at lisje babyen min er blitt store barnehagejente. Guri kor tida flyr :)

laurdag 27. august 2011

Misslykka kjoleshopping..

Eg hadde bestemt meg for at til neste helgs bryllup så skulle eg ha meg en ny kjole. Eg er lei av det eg har i skapet og har virkeli lyst på nåke nytt. Men det er visst veldig vanskeli. Enten så er det eg som er sær eller so finnes her ikkje fine kjola i Volda! Eg, Torgeir og Vilde har tilbrakt lørdagen ned i gata, inn og ut av butikka. Men ingen kjole til meg. Så eg gjer opp, eller det blir en tur til Ørsta på mandag for å sjekke utvalget der :)

Men eg kom no ikkje tomhendt heim da, Vilde var so heldig at ho fekk seg et par ting. Ho fekk seg nåke penga til bursdagen, så no er dei godt invistert i barnehageutstyr :)

En ullbody og lekker lilla ulldress frå Hurlumhei, og et par rosa støvla frå SkoPluss :)
Vi hadde oss en liten tur på loppemarked i dag også. Når vi kom så var der stappfult og det meste vart solgt, ikkje det at vi egentli skulle ha nåke. Vi var der mest fordi vi var nysgjerrige på kva folk ville kvitte seg med :) 
Men vi endte no opp med et par barnebøker til Vilde:

5 bøker til 40 kr :)

søndag 21. august 2011

1 åringen min :)

Hipp hipp hurra for verdens beste Vilde 
som fyller 1 år i dag :)


Eg syns det er skikkeli sprøtt å tenke på at eg har en 1 åring i hus. 
Det føles ut som at det var i går eg låg på sjukehuset og ikkje klarte å ta auene i frå den lisje, nydelige prinsessa mi. Ho var så lita og skjønn :) No har ho vokst seg til å bli ei stor, sjølstendig og nydelig jente. Eg klare fremdeles ikkje ta auene frå ho, og ho sjarmera meg kvar dag :)
 Det aller beste eg veit eg når ho krype opp på fanget mitt og gjer meg en stooor klem. Etter at eg begynte på jobb så e ho blitt ei skikkeli kosejente. Kjem bort til meg fleire ganga om dagen og seie: "Aaaa" og vil ha en kos, eller lage smaske lyda med munnen og er klar for en nuss :) 
Vilde gjer kvar dag bedre og eg kunne ikkje tenke meg et liv uten ho. Ho er det aller beste som har skjedd meg, og eg elska ho over alt på jord!! Mi aller beste Vilde

I dag har vi feira den store dagen i lag med Sindre, bestemor, bestefar, Tante Kristine, Onkel Robert, Onkel Ole Martin og Tante Ingvild :)
Vilde har vore heilt i hundre i dag, og nyte virkeli oppmerksomheten :) Ho har fått mange fine pakka i dag og, blant anna klede, lego, leikematte med lys, Blafre matboks/koffert og lyd, penga og trehjulsykkel :) 

 Vilde fekk seg hjelm med tante Kristin og trehjulsykkel med Sindre. Og det var kjempe stas å få sykle rundt i stova :)

Nydelige 1 åringen min i den fine kjolen som onkel Robert har plukka ut og som ho fikk i gave med tanta og onkelen :)
No ligge den søte 1 åringen min og søve, huset er rydda og eg har inntatt sofaen. Her kjem eg til å sitte til eg skal legge meg! :) 
Vi har hatt ei super bursdagshelg og Vilde har fått så masse fint. Ho er så heldig som har sånne kjekke folk som er glad i ho og vil kjøpe fine ting til ho. Det sette vi stooor pris på alle sammen :)


laurdag 20. august 2011

Bursdagsfeiring :)

I dag har Vilde hatt en aktiv og innholdsrik dag :)
Vi begynte med en tur til fotografen. Besta spanderte 1 års fotografering på Vilde til bursdagen, og etter litt undersøkelse og diskutering så fant vi ut at vi la Tonje fotografere lisje frøkna vår :)
Ho e ei kjempe dyktig dame og Vilde fikk sansen for ho med en gang. Trur ho fikk tatt en del bra bilder, og eg gleda meg til å sjå resultatet :)
Anbefala alle å ta en tur innom bloggen hinna for å sjå på alle dei fine bilda ho tar:)

Etter fotograferinga så satte vi kursen heim for å ta i mot dei første bursdagsgjestane :) På grunn av liten plass og masse familie så valgte vi å ta feiring over to daga :) I dag kom besta, tante Kristin, oldemora frå Måløy, oldemora frå Eid, mi si tante Gro, mi si tante Ann Inger, min onkel Per Magne, mitt søskenbarn Anniken og Cindy :)

Vi har hatt en kjempe koseli dag, og Vilde har vore i sitt ess. Ho har hatt full oppmerksomhet frå alle gjestane:)
Ho hadde ikkje tida å sove ettermiddagsluren sin en gang, så det var ei trøtt og sleta Vilde-mor som la seg 1 time før ho bruka og sovna på 3 sekund :)
Vilde har fått masse nye klede, 2 ytterjakker, sykkkelhjelm, time med fotografen, en bamse, ei dukke og ei bok :) Både Vilde og eg e super fornøgde med gavene og seie TUUUUUSEN TAAAKK for alt sammen :) 

Sida Vilde ikkje er begynt å barnehagen enda så måtte mammsen lage ei bursdagskrone til lisje jenta si :) 

 Pakka og muffins det er tipp topp :)


I morga er den store dagen og Vilde fyller 1 år!! Er det mulig?! :) 
Kjenne det blir en tidlig kveld på meg, viktig å ladde opp til del 2 av bursdagsfeiring :) 
Vi gleda oss til å få feire den store dagen i lag med resten av familien og :) 
Stor stas med 1 åring i hus :)

torsdag 18. august 2011

Vekk med babykleda :)

I dag har vi rydda og vaska huset sånn at det er klart til 1 årsfeiring i helga :) 
Eg har lenge tenkt på å flytte babykleda på loftet, men eg har utsatt det gang på gang. 
I dag tok eg endeli mot til meg og bar dei fleste kassene opp i gangen sånn at Torgeir fekk bære dei vidare opp på loftet! :)


Tenk, om 2 1/2 dag så har eg en liten-stor 1 åring i hus! Herreminhatt kor tida flyr :) 
Lisje babyen min er alt anna enn liten lenger. Ho e so sjølstendig og klara seg sjøl. Ho e full av egne meininga og sta som et esel. Det er så kjekt å sjå kor ho stråle av glede når eg kjem heim fra jobb, og kor kosete ho blir om kvelden når ho er litt trøtt! Verdens beste Vilde mi

tysdag 16. august 2011

Musefletter :)

Søtaste Vilde med dei aller første museflettene :)

 ♥♥

Vilde syns det er veldi gøy å ta på kameraet så det er veldi vanskeli å ta skikkelige bilder av ho for tida. Ditte var det beste av ca 20 bilder og det sei vel sitt :) 
Blir spennande å sjå kor det går når vi skal til fotograf på lørdag :)

Utdrikkningslag :)

I helga har eg vore i Bergen på utdrikkningslag til mi kjæraste Ingvil :)
Eg satt meg på flyet på fredag med sommarfugla i magen og gleda meg veldig til både å besøke Veronika og til å overraske Ingvil på lørdagsmorningen :) 
Eg og Veronika kosa oss med heimelaga pizza, litt sladder og god kvalitetstid. Planen var å legge oss tidli sida vi skulle tidli opp på lørdag, men plutseli så var klokka nesten midnatt. Tida flyr i godt lag :)

Lørdag stod vi opp tidli og bussa oss inn til sentrum. Vi møtte resten av gjengen og bussa vidare til dit Ingvil bur. Eg kjente at eg fekk litt sommarfugla i magen og vart litt nervøs når vi nærma oss leiligheta til Ingvil. Var veldi spent på kossen ho kom til å reagere :) 
Vi tok ho bokstaveli talt på senga. Stakkars jenta hoppa i senga når vi kom stormande inn i leiligheta. Gjertrud hadde fått nøkkel med Kristian, så vi kom veldig overraskande på besøk :) 

Vi starta dagen med å sende den kommande bruda på Spa der ho fekk deili ansiktsmassasje og litt sminke. Mens ho var der så laga vi til piknik i parken! Vi kosa oss med god pastasalat og litt godt i glaset. Ingvil slappa av og koste seg i lag med oss. Ho ante fred og ingen fare :) 
Når vi kom ned i leiligheta til Marit etter piknikken, så fekk ho beskjed om at neste oppgave var å selge heimelaga cupcakes på torgalmenningen og fisketorget. Da vart ho med ett litt skeptisk, men tok utfordringa på strak arm. Ho var skikkeli tøff :) Men en ting må eg sei, bergensera e vanskelige folk :)

Finaste Ingvil :)

Etter å ha frista en god del bergensera så belønna vi oss sjøl med ei utepils. Det var skikkeli deili veir, og da va det perfekt å sitte ute :)


Resten av kvelden tilbrakte vi i leiligheta til Marit, der vi kosa oss med Tapas, hattemorro og artige leika :) 

To gode venninner i godt humør :)
Eg hadde en utruli kjekk kveld og gleda meg veldi til bryllupet! :)


torsdag 11. august 2011

Sommarfjes :)

Det er ikkje alltid like lett å gå i nedover bakke, og når en til og med skal konsentrere seg om et par steina så går det gale ;) 

Resultat: Vilde har fått seg oppskrubba nase og panne + en liten kul i panna :)
(her sitte ho å ete joghurt, einaste måten å få ho til å sitte i ro sånn at eg fekk ta et bilde)

søndag 7. august 2011

Min siste dag..

I dag er siste dagen min som heimeværande mamma, og i morga begynne eg på jobb igjen. Det er veldig trist å tenke på og eg kjenne eg blir litt dårli av heile tanken. Ikkje på grunn av at eg må på jobb, men fordi eg må vere vekke frå Vilde mesteparten av dagen! Eg blir kvalm bare av tanken..alt eg går glipp av, og alt ho lære seg mens eg e på jobb!
Vilde skal "heldivis" vere heime med pappaen sin et par veke til før ho begynne i barnehagen.
Tenk det da, lisje babyen min skal bli store barnehagejente!
Heilt sprøtt :)

I dag har eg virkeli storkosa meg i lag med Vilde. Vi begynte dagen med litt kos på sofaen, og leik i stova. Etter Vilde hadde sove morgenluren sin så fekk vi besøk av Emma og Ella, Synnøve og Kevin. 
Vi leika og kosa oss i sola ute på plattingen :)


Når vi var på IKEA så fekk Vilde seg ei store, runde reie, og i dag hengte Torgeir den opp :) 
Det var veldi gøy, og Vilde klatra opp og ned av den heilt sjøl :)
Resten av dagen har vi vore inn å kosa oss.
Eg har virkeli utnytta kosehumøret til Vilde og fått mange gode kosa i dag:)
 Eg lagra dei godt i hjertet mitt og tar dei fram viss savnet blir for stort mens eg e på jobb :) 

Vi har hatt litt problem med at Vilde ikkje har hatt nåke særli matlyst dei siste vekene. Ho har bare spist en bit her og en bit der! Ingenting har vore godt nok, og ho har bare spytta ut det ho har fått i munnen. Eller ho har funne ut at viss ho stikke tunga si ut så dette maten av etterkvart :) 
Vi har prøvd det meste trur eg, ulik type graut, middag, pålegg.. Vi har prøvd most, ikkje most, heil skive, små bita dyppa i fruktmos.. Ho har fått ete sjøl, blitt mata, leika maten inn i munnen.. 
Men ingenting har vore godt nok for den lisje frøkna! Det har vore frustrerande å ikkje få i ho mat, men ho har vore i godt humør, mykje energi og frisk i kroppen, så eg har ikkje vore så veldi bekymra enda! 
Trur egentli det er en kombinasjon av ferie-varme-hjørnetenner som har plaga ho.. 

Men i dag ser det ut til å ha løsna litt på ettermiddagen. Ho fekk spise middagen sjøl med skei og fingra, og da spiste ho nesten en heil tallerken! Og til kvelds så pirka ho i seg over ei halv skive uten pålegg. Og det er meir enn ho har spist på nesten 3 veke. Så eg e super happy, og kryssa fingrane for at det vare :)

Flinke jente og spise sjøl :)
Eg og Vilde avslutta kvelden med litt kos på sofaen. Eller eg kosa på sofaen og ho låg i ro i ca 3 sekund før ho vart en supermakk og turnar :) 
Men det var koseli så lenge det varte :)


No skal eg finne fram Årsplanen og lese ferdi om den nye barnehagen som eg skal begynne å jobbe i. 
Kjenne eg har sommerfugla i magen og gleda meg veldi til å sette i gang, bli kjent med dei eg skal jobbe att med og planlegge det kommande år :)
Ønsk meg lykke til :)

Bursdagsønske :)

Her kjem enda to bursdagsønske frå Vilde

* Koffert/matboks og drikkeflaske i merket Blafre:


Har sett på dei en del og syns dei e veldi tøffe :) 
Vilde e så klart heilt enig :)

* Smekke med oppsamler: 
Etter at Vilde fekk spise middag på egenhand i dag, så fant vi ut at det kan vere en lur ting å ha :)


torsdag 4. august 2011

Nytt, nytt..


Vilde har fått seg stola og bord på rommet sitt :) 

onsdag 3. august 2011

Vi har vore på ferie :)

No e vi heime igjen frå ferie. Vi har hatt nesten 2 veker med deili ferie, og har både besøkt familie og vore på harryhandel:)
Første stopp var i Grimstad på besøk med Marianne og tantegulla mine. Det var utruli godt å sjå dei igjen, og vi storkosa oss i 5 daga i lag med dei. Vi var heldige og fekk skikkeli deili sommar mens vi var der. Ungane storkosa seg i varmen, og Vilde fekk endeli brukt sommarkleda sine :)

Sommarkos :)

Bestevennane :)

Kaila fekk låne kameraet litt, og her er resultatet :)

Hærlig :)
Etter å tatt et tårevått farvell på fredagen, så satte vi kursen vidare mot Sandefjord. 

Der var vi på besøk med tanta og onkelen te Torgeir, og var i "grillparty" ho søskenbarna hanna :) 
Det var veldi koseli, og Vilde storkoste seg med all oppmerksomheten :)
Eg tok desverre nesten ingen bilder herifra, men onkelen til Torgeir tok mangen bilder som vi skal få etterkvart.. 

 Vilde fekk seg pakke med tanta og onkelen te Torgeir, og så kosa vi oss på grillings :)

Lørdag tok vi båten over til Strømstad og var på skikkeli harryhandel. Vi fylte bilen med klede, leika, brus, godteri :) 

Litt bilder frå båt-turen :)

Vi skulle egentli til Ullared, men sia vi allerede hadde fylt bilen både på IKEA og anna shopping så vart ikkje de. Kansje like greitt med tanke på at vi klarte å bruke nok penga :)


Frå sverige gikk turen vidare til siste stopp for turen: Oslo:) 
Vi overnatta med Therese og Erik frå søndag til tirsdag. 
Også her fekk vi virkeli oppleve sommaren. Deili sol og varme :) 
Mens Therese var på jobb så utforska vi butikkane i Karl Johan, var innom "blomsterhavet" etter Oslo og Utøya, og spiste is på Aker brygge. 
På tirsdag hadde Therese seinvakt så da pakka vi en tur på kafe, og so pakka vi med oss lunsj og tilbrakte resten av formiddagen i parken. Vi grilla pølser og kosa oss i sola :)

På trilletur i Karl Johan og på slottet :)

En tur på taket til operahuset måtte også til :)

Så mange blomster og gode ord!!
Leiking i parken :) 

Når Therese måtte på jobb, så satte vi oss i bilen og satt kursen på vei heim att. Vi var en liten snartur innom IKEA å kjøpte nåke som var utsolgt på sørlandet, og so susa vi heimover :) 

Vi har virkeli storkosa oss på ferie, men det var deili å komme heim att og :)

måndag 1. august 2011

Ønskeliste 1 år :)

No er ikkje de lenge til Vilde blir 1 år, og i den forbindelse har eg fått litt spørsmål om ka ho ønsker seg. Så her kjem nåken ønsker :

*Kle i str 80/86 
(hint, hint: yndlingsfargen te Vilde er lilla)

* Ullkle str 86

* Strikka kle


* Leikar
(no har ho veldi mykje babyleika som ho egentli er veldi lei av)
      - med lyd og musikk

- leikekjøkken (helst i tre, da det er litt meir solid og varer lenger)


- bøker


- sangkort

      - dukker




      - klosser, lego.. 



* Sykkelhjelm



* Støvlar 


* Votter (med glidelås nesten heile veien), hue, hals osv til vinteren

VIlde blir så klart glad for alle gaver ho får, og er ikkje så veldig kresa.
Kansje det helde med ei tom pappeske eller litt innpakkningspapir?! :)