fredag 1. juli 2011

Dei beste damene :)

I går va eg i Ulsteinvik og spiste god middag i lag med dei kjekke kollegaene mine frå Aktiv barnehage. For meg vart det en siste mulighet til å kose meg i lag med dei kjekke damene på ei stund. Eg har nemmeli fått meg ny jobb, og skal begynne i Engeset barnehage frå hausten av :) 

Vi møttes på "den gode nabo" der vi åt god mat og kosa oss masse. Det va veldi godt å sjå alle sammen igjen, og eg kjenne at eg e veldi glad for at eg vart kjent med alle sammen. Dei er gull verdt kvar og en av dei, og dei har gjett meg den beste starten på mi karriere:) 
Eg kom til Aktiv barnehage hausten 2008 som nyutdanna førskulelærar uten meir erfaring enn et halvt år i en familiebarnehage og den praksisen vi hadde på skulen. Det var veldi skummelt å begynne å jobbe og plutseli stå på "egne bein" :) Men det var ingen problem når det kom til dinne gjengen her, dei tok godt i mot meg frå første stund og har veileda og guida meg gjennom 2 (3) år :) Dei har støtta meg, latt meg prøve og feile, tatt i mot beskjeder og oppgåver uten å nøle. Dei har rett og slett vore fantastiske :) 

Og for å ikkje snakke om ungane, gullungane mine. Det er ekstra trist! Dei er så gode å hærlige:) Dei har fått en stor plass i hjertet mitt, kvar og en av dei. Kjem ikkje te å gløyme dei, og ønske dei alt godt i livet:) 
En stor takk til alle Aktiv-foreldra som har tatt så godt i mot meg. Dei har vore imøtekommande og forståelsesfulle heilt frå dag 1:) Eg har fått gode ord og tilbakemeldingar frå dei, og i haust fekk eg en mail som varma hjertet mitt. Det er godt å vite at en gjer en forskjell og at ungane og foreldra sette pris på meg:)

Eg kjenne det at det er vedmodig å forlate dei, litt rart å skal fortsette uten dei. Men på grunn av avstanden og Vilde, så veit eg at det er for det beste. Ho er det viktigaste for meg og den ekstra tida eg får i lag med ho gjer det verdt det:)
Eg kjem te å savne Aktiv barnehage utruli masse, men dei blir ikkje kvitt meg så lett. Eg kjem på besøk, og vi har kvarandre på facebook :)

Tusen takk for 3 fantastiske år i lag med dåkke!! :):)

Når det er sagt så gleda eg meg te å begynne i en ny barnehage, få oppleve et nytt miljø, nytt personale og nye ungar :) Eg e sikker på at eg kjem te å trives i Engeset barnehage, og at eg får mykje nye erfaringa og opplevelsa :)
Engeset barnehage, here I come ;)

2 kommentarer:

  1. Trur nok Engeset barnehage he gjort noke lurt! :)

    SvarSlett
  2. Det e utrulig godt å vete at det e kjentfolk so ska ta sej av Marius til hausten :D

    SvarSlett