fredag 29. juli 2011

Buzz, buzz, buzzador :)

I dag bestemte Vilde seg for å starte dagen før fuglane, så da har eg god tid til å skrive litt om en buzzador kampanje eg har vore med på den siste tida :) Som buzzador får eg titt og ofte tilbud om å prøve nye produkt, både til Vilde og med sjøl. Den siste tida har det vore mest til Vilde, men det er like kjekt det :)

Men over til det "nye" produktet eg har testa. Eg skrive det i hermetegn fordi det ikkje r heilt nytt, eg hadde kjøpt det og det var i butikkane før kampanjen kom ut. 


 
Eg veit ikkje heilt ka eg syns om produktet. Smaken er god, men maten er altfor mykje most for å vere et 8 mndrs glas. Vilde likar litt "klumpa" i maten sin, så for ho vart det for uinteressant. No skal det seiast at ho var nesten 11 mnd når vi fekk glasa i posten, så ho er vel egentli for stor for 8 mnds glas. Men eg syns å huske at når ho var rundt 8-9 mnd så va ho like glad i "klumpar" i maten :) 

Eg har fått litt ulike tilbakemelding med dei e har gjett smaksprøver til, nåken er veldig fornøgde og nåken har litt meir samme mening som meg. Men det kjem nok veldi an på babyen som skal spise den, og korleis han/ho likar maten.

Alt i alt så er vår konklusjon at det virkar som Vilde syns smaken er god, men at etter 2-3 skeier med "flytande" mat så blir det rett å slett litt for kjedeli for ho :) 

Eg har fremdeles et par glas igjen, så viss nåken har lyst å prøve ut "Mors kjøttkaker" så er det bare  rope ut :)

måndag 25. juli 2011

Eit hjarte for dei som er borte
deira liv vart alt for korte. ♥
Eit hjarte får dei såra og skadde
håper dei får tilbake det livet dei hadde. ♥
Eit hjarte for dei som er att
...som har mista sin kjæraste skatt. ♥
Eit hjarte for alle oss andre
som no må ta vare på kvarandre. ♥
Eit hjarte for Noreg, vårt land
lat oss alle gå hand i hand. ♥♥♥
 (lånt frå ein status på facebook)

Litt bilder:)

 Forrige vekes hyttetur:

En liten tur for å sjå på alle kuene :)

Veldi kjekt å leike seg med konglene på hytta :)

Og plutseli så var lisje frøkna ute i regnet UTEN sko :)
*rampe-frøken*


Sååå gøy :)

Malakoff-festival :

 Vilde på trilletur med Thea :)

 På festivalområdet :)

Er man på festival, så må man ha hørselsvern :)
(ho skulle egentli vere med bort på området å høre på Bjørn Eidsvåg, 
men så fikk ho vere med besta og tanta i steden)

måndag 18. juli 2011

I dag er dagen..

I dag er dagen her, 
i dag er dagen da systa mi og dei godaste tanteungane mine flytta heeeilt te Grimstad. 
Kjenne det stikke i hjertet mitt når eg tenke på de, og eg har mest lyst å bare kidnappe dei, låse dei inn på ett rom og ha dei der til dei ombestemme seg og blir her!!
Eg har veldi lyst å tenke på meg sjøl og vere veldi egoistisk. Da skulle eg ha gjort alt som stod i mi makt for å prøve å overtale dei til å bli her att med oss, brukt alle midla for å hindre dei i å reise.

MEN, 
eg veit kor lyst Marianne har til å komme seg vekk litt, få litt nye impulsa, nytt miljø og litt ny frisk luft :) 
Eg gleda meg veldi på deira vegna, og veit dei kjem te å stortrives der nede. 
Jentene har laga til rommet sitt og har fått seg nye storjente-senger. Dei har vore på besøk i barnehagen og Kaila har tilogmed fått seg en ny venn :) 
Eg ser på Marianne kor ho gleda seg, og kor mykje ho trenge å komme seg vekk litt. Det kjem nok til å bli litt tøft, men eg veit at ho klare det uten nåke problem. Ho er en av dei sterkaste og tøffaste jentene eg kjenne, og i lag med jentene sine så kjem dei seg gjennom alt! 

Det kjem nok til å bli verst for oss som blir igjen heime, ka skal vi gjere uten dei?
Okaj, no hørtes det kansje ut som om dei skal flytte til Afrika eller nåke i den dur.. men de kjennes litt sånn ut. E so vant med å ha dei en halvtime unna, og kunne besøke dei når som helst :) 
Så det blir rart å måtte planlegge og organisere for å komme seg avgårde, men vi skal klare det og! 
Eg, Torgeir og Vilde reise nedover neste veke, og skal vere der ei vekes tid! Siste krampetrekningane før eg begynne på jobb igjen, eg må suge til meg det eg klare av tid og minner i lag med dei bestaste beste:)

Eg ønske dei god tur og alt godt i den tida dei er vekke. 
Eg har et håp om at dei kjem heim att når Marianne er ferdi utdanna, så eg begynne nedtellinga allerede no :) 

Vi kjem te å savne dåkke veldi masse, og skal nok komme ofte på besøk. 
Dåkke blir ikkje kvitt oss so lett!! :)

Vi e veldi glade i dåkke alle sammen, og håpe dåkke får det fint :)



søndag 17. juli 2011

Vilde kosa seg på Amfi :)


Når vi var på Amfi forrige veke, så fekk Vilde prøve "bil-karusellen" som er der. 
Og det var veeeldi stas :)

Den siste veka..

ADVARSEL: Blir kansje litt langt og rotete inlegg. Men sånn går det når det går lang tid mellom kvar gang eg blogga, og når det har skjedd så mykje som eg vil dele med dåkke alle sammen :)

Forrige veke hadde vi besøk av systene mine og Amalie. Vi storkoste oss heile veka, og hadde mykje kvalitetstid i lag :) 
Marianne reise te Grimstad i morga, og da blir det vanskeligare å få tid til kvalitetstid og det blir desverre lenge mellom kvar gang vi ser kvarandre. 


Vi hadde et par fine daga mens dei va på besøk. 
Sommaren viste seg frå si beste side:) 
Vi fekk grilla og småfrøknene fekk testa ut badebassenget til Vilde :) 

Etter å ha kjørt dei på bussen på torsdag, så da vart det merkeli stille i heile huset. Det er alltid så kjekt når dei er på besøk, for da blir huset fult av liv og røre. Det blir litt stusseli når dei e vekk igjen. Men heldivis klare Vilde å lage sin del med lyd, så heilt stille blir det nok aldri :)

På fredagsettermiddag va vi å leverte Vilde på overnatting ho bestemora og bestefaren. Vi har nemmelig vore i Ålesund i helga :)
Før vi reiste derifrå så var Vilde så heldi at ho fekk bade i badekar:) 
Heime så har ho kun en balje som ho bada i, så det va veldi stas å ha sååå god plass når ho bada:)



Og når vi først hadde barnefri, så tok vi turen te Eid for å sjå Harry Potter på kino. Sindre va so heldi at han fekk vere med oss :)
Når vi kom te Eid så måtte vi så klart nedom Dolce Vita å kjøpe oss en rullekebab te middag :) 

Systene mine va også på kino og dei satt på rada foran oss :)

Ekje vi fine vel? :):)

På lørdagen satte eg å Torgeir kursen mot Ålesund for å feire bryllupet til Synnøve og Trond Kenneth :) 
Vi hadde en heilt fantastisk dag og kosa oss mykje. Brudeparet var heilt utruli nydelige og dei strålte begge to. En såg godt kor sterke kjærligheten mellom dei er, og kor forelska dei er i kvarandre. Fantastisk
Det var veldi kjekt å sjå igjen nåken av dei eg gjekk i klasse med på førskulelærar. E ikkje så ofte vi sjåast lenger, så de e veldi kjekt dei gongane vi får vere i lag :) 
Eg har mange fine bilder frå dagen, men har ikkje prata med Synnøve enda. Så kansje her kjem et par bilder etterkvart :)

Eg å Torgeir overnatta på hotell i Ålesund. 
Det var veldi kjekt å ha litt tid i lag og bare vere kjæresta :) 
Men det va og veeeldi godt å komme heim att te Vilde-mora. Ho har storkosa seg med besteforeldra sine heile helga:)
I kveld har vi bare kosa oss og leika med Vilde. Rart kor mykje en savna disse småtrolla, nesten som at eg mangla en kroppsdel :)  

♥Vilde

No ligge lisje frølna å søve, så no skal eg tilbringe resten av kvelden på sofaen :)

søndag 10. juli 2011

Feriegjest og bestevenna :)

Vi har en feriegjest i heimen vår i disse daga :)
Amalie fekk vere med oss heim att når vi reiste frå Eid på lørdag :) 

Og gjett om vi kosa oss. Vilde og Amalie henge i lag som erteris, dei leika seg, dei ler i lag, dei klemma på kvarandre og dei slåst om leikane. Det er skikkeli arti å sjå på dei, og det varma hjertet mitt å sjå kor stor glede dei har av kvarandre. Kvar gang den eine kjem inn i et rom, så kjem den andre springande med latter i halsen og vid åpne arma. Det MÅ klemmast når dei ikkje har sett kvarandre på 2 sekund :) 

Søtingane :) 



torsdag 7. juli 2011

Familiekos :)

Jammen de fekk ikkje vi nok en sommardag :)
Veiret har ikkje vore like bra som dei to siste dagane, men absolutt bra veir. Sol og varme, blanda med vind og regn :)

Eg og Vilde satt oss i bilen i dag tidli og satte kursen mot Eid :)  

Vilde storkosa seg i lag med søskenbarna sine :)

Middagsbesøk :)

I går va vi invitert på middagsbesøk inn med Torhild (og babyen i magen), Oddbjørn, Signe og Simbi :) 
Det er altfor lenge sida vi har sett dei, så det va ekstra koseli å vere i lag med dei. Vi suste inn etter dei var ferdig på jobb, og kosa oss i lag med dei heile ettermiddagen og utover kvelden.
 Sindre va der og, så Vilde hadde med seg leikekameraten sin :) 

Vi fekk servert nydelig lasagne, salat og søte jordbær til dessert :) 

Vilde syns de va veldi godt med jordbør og fløte :)
Vilde er litt redd for hunda etter at ho vart skremt av en hund som kom litt brått på, så ho va litt skeptisk til Simbi. Dei hadde tatt hunden ut i hagen, så Vilde kunne studere og kike på ho uten at ho kom for nært :)

Det va tryggast når ho va opp i armane og kunne studere Simbi på avstand :)
Vi kosa oss sånn på besøk at Vilde fekk vere litt ekstra lenge våken. Ho va i godt humør mesteparten av tida, men på slutten begynte trøttheten å ta over så da va det på tide å komme seg heim att :) 
Men før vi reiste så va Torgeir og Oddbjørn ut i "skogen" å saga ned nåken store tre som skygga for sola på verandaen :)


Eg må sei at eg e veldi missunneli på uteområdet deira.
 Kjempe store plass, med mykje som ho Signe kan utforske:) 

♥♥♥

Gratulerer med dagen til verdens beste pappa :) 


God saw you getting tired
and a cure was not to be
so he put his arms around you
and whispered,
"Come to Me"
 ♥♥♥
With tearful eyes we watched you
and saw you pass away
and although we love you dearly
we could not make you stay.
 ♥♥♥
A Golden heart stopped beating
hard working hands at rest.
God broke our hearts to prove to us
He only takes the best
 ♥♥♥

Eg savna deg utruli masse og tenke på deg kvar dag!  
Eg skulle gjort alt for å få snakka med deg en gang til,
for å få den gode pappa-klemmen, 
for at du skulle få treffe dei 3 hærligaste barnebarna dine.
Eg skulle til og med gjort alt for at vi kunne kjøre gjennom stryn med vindua åpne 
og synge "Ola var fra Sandefjord" for full hals! 

Det er så urettferdig.. Koffor deg? 

Elska deg pappa, og gratulerer med 50 års dagen gamle mann ;) 


måndag 4. juli 2011

Utekos :)

I ettermiddag gjekk eg og Vilde ut på plattingen å leika oss. Sjøl om sola ikkje var framme, så var temperaturen veldig behageli :) 
Vi fant fram gåbilen, bøtte, spade og andre uteleikar. 
Vilde syns de e veldi kjekt å vere ute, spesielt ute på plattingen for der har ho goood plass å springe på :) 


Vi ønske oss ei sandkasse som Vilde kan boltre seg i. 
Litt kjedeli å leike med bøtte og spade uten sand, men vi får sjå ka som kjem i løpet av sommaren :)


Vilde storkosa seg ute, og har fått skikkeli kontroll på gåinga si. 
Ho har tilogmed begynt å utforske det å springe.
Men det har en tendens te å ende i kryssa bein og nasa i golvet. Men øvelse gjer mester :)

Vi gleda oss til fine daga framover viss vi skal tru på veirvarslet! :)

søndag 3. juli 2011

Besøk og bursdagsfeiring :)

Vi har hatt besøk av Silje frå søndag til fredag :)
Ho har skuleferie og hadde lyst å komme på besøk for å leike seg og passe ho Vilde. Vilde syns de va kjempestas og har kosa seg mykje med all oppmerksomheten :)


På fredag satte vi kursen mot Eid igjen for ei super bursdagshelg :)
Kaila vart 3 år på torsdag, men da va ho med pappaen sin å feira dagen. Så da fant vi ut at vi kunne komme å feire dagen hinna heile helga :)

Det begynte med at vi var i barnebursdag i lag med Elise, som vart 3 år samme dag som Kaila :)


Kaila og onkel-kos :)


Heilt utslitt etter en lang dag :)

Så vart det sommarshopping, nystekte vafler med bestemor og grilling på Alsaker på lørdagen :)

Godaste småtuppene e klare for vafler :)
Kaila har en powernap i vogna si :)

Vilde sitte på tunet te oldemora og leika seg. Veldi konsentrert :)

Grilling på Alsaker med heile familien :)

Tante Kristin kom heim fra syden, og da måtte vi så klart sammenligne brunfarge :)

Grilling av pølser og hopping på trampolina va stor stas :)

Med mangel på sol heile sommaren, så gløyme en lett solkrem den dagen det faktisk er sol :)

I dag har eg og Kaila kosa oss med å lage rosa og blå cupcakes :) 
Litt varierande resultat, men dei smakte veldi godt da :)


♥ ♥ 

fredag 1. juli 2011

Dei beste damene :)

I går va eg i Ulsteinvik og spiste god middag i lag med dei kjekke kollegaene mine frå Aktiv barnehage. For meg vart det en siste mulighet til å kose meg i lag med dei kjekke damene på ei stund. Eg har nemmeli fått meg ny jobb, og skal begynne i Engeset barnehage frå hausten av :) 

Vi møttes på "den gode nabo" der vi åt god mat og kosa oss masse. Det va veldi godt å sjå alle sammen igjen, og eg kjenne at eg e veldi glad for at eg vart kjent med alle sammen. Dei er gull verdt kvar og en av dei, og dei har gjett meg den beste starten på mi karriere:) 
Eg kom til Aktiv barnehage hausten 2008 som nyutdanna førskulelærar uten meir erfaring enn et halvt år i en familiebarnehage og den praksisen vi hadde på skulen. Det var veldi skummelt å begynne å jobbe og plutseli stå på "egne bein" :) Men det var ingen problem når det kom til dinne gjengen her, dei tok godt i mot meg frå første stund og har veileda og guida meg gjennom 2 (3) år :) Dei har støtta meg, latt meg prøve og feile, tatt i mot beskjeder og oppgåver uten å nøle. Dei har rett og slett vore fantastiske :) 

Og for å ikkje snakke om ungane, gullungane mine. Det er ekstra trist! Dei er så gode å hærlige:) Dei har fått en stor plass i hjertet mitt, kvar og en av dei. Kjem ikkje te å gløyme dei, og ønske dei alt godt i livet:) 
En stor takk til alle Aktiv-foreldra som har tatt så godt i mot meg. Dei har vore imøtekommande og forståelsesfulle heilt frå dag 1:) Eg har fått gode ord og tilbakemeldingar frå dei, og i haust fekk eg en mail som varma hjertet mitt. Det er godt å vite at en gjer en forskjell og at ungane og foreldra sette pris på meg:)

Eg kjenne det at det er vedmodig å forlate dei, litt rart å skal fortsette uten dei. Men på grunn av avstanden og Vilde, så veit eg at det er for det beste. Ho er det viktigaste for meg og den ekstra tida eg får i lag med ho gjer det verdt det:)
Eg kjem te å savne Aktiv barnehage utruli masse, men dei blir ikkje kvitt meg så lett. Eg kjem på besøk, og vi har kvarandre på facebook :)

Tusen takk for 3 fantastiske år i lag med dåkke!! :):)

Når det er sagt så gleda eg meg te å begynne i en ny barnehage, få oppleve et nytt miljø, nytt personale og nye ungar :) Eg e sikker på at eg kjem te å trives i Engeset barnehage, og at eg får mykje nye erfaringa og opplevelsa :)
Engeset barnehage, here I come ;)