onsdag 8. juni 2011

Dinglavatnet :)

Når vi stod opp i dag så såg vi ingenting ut gjennom vinduene, tåka låg tett rundt heile huset. Eg hadde håpa på at det skulle bli sol i dag, og vart meget skuffa. Men utover formiddagen så løsna tåka og eg såg glimt av blå himmel. Både eg og Vilde var rastlause og gretne, så vi fant ut at en tur ut ville gjere oss godt. Eg spente ho fast i bæremeisa, tok ho på ryggen og gjekk ut døra. Egentli hadde vi tenkt oss på Reset en tur, men på vei opp ombestemte vi oss, og satt kursen mot Dinglavatnet i steden :) Fant fort ut at eg hadde kledd på meg litt mykje og va kokheite heile veien :) 
Vilde storkosa seg i bæremeis, men syns de va veldi kjekt å få krype litt rundt når vi kom fram :)

 På vei ned att var tålmodigheta te Vilde over når vi kom te grusveien igjen. Prøvde å gå litt til, men orka ikkje å ha ei skrikande sirene rett ved øyre, så eg løfta ho ut av meisa og bar ho siste biten heim att :)

2 kommentarer:

  1. Planer om å bli sprek eller ? :) Men dere er flinke ! Søteste tantegullet mitt. Gleder meg til å se dere igjen <3

    SvarSlett
  2. Ja, eg har store plana om det. Men e ikkje like flink å gjennomføre det alltid :)
    Vi gleda oss til å sjå dåkke og, bare ei veke igjen :)

    SvarSlett