laurdag 30. april 2011

Deilig dag :)

I dag har vi vore på koseli besøk på Vartdal. Ei god venninne av meg, Cathrin, fekk ei lita jente for nesten 1 mnd sia. Og eg har klødd i fingrane etter å reise på besøk. Men på grunn av sjukdom og påske, så har vi ikkje komt oss avgårde før i dag :) 

Søtaste Eirill låg å sov når vi kom, så eg fekk prata litt med Cathrin uten å vere altfor oppslukt i den nydelige lisje prinsessa. Va kjekt å sjå ho igjen, og kjekt å sjå kor ho strålte og kosa seg i rolla som mamma-Cathrin :) 
Med en gang de kom et lite knyst i frå vugga, så va ho plutseli i armane mine. Det var litt skummelt å løfte ho opp, ho va no so lita. Eg kan ikkje huske at Vilde har vore så lita:) 
Vilde va ikkje so veldi fornøgd med at mammsen fekk låne seg en liten baby, ho ville helst ha mammen sin for seg sjøl. Men når ho fekk komme opp i sofaen og sitte ved siden av oss, så gikk de greitt. Eg va litt "bekymra" for at Vilde skulle knipe eller lene seg på Eirill, så eg la ho tilbake i vugga si etter ei lita stund. 

Vilde va veldi fasinert over dinne lisje bylten og va bort med vugga å såg ned i heile tida :)

Vilde står å beundra lisje Eirill :) 

 Eirill va ikkje heilt fornøgd når vi var på besøk, det va et eller anna som plaga den lisje kroppen. Så det vart mykje byssing å bæring. Men det stoppa ikkje meg, eg syns de va kjekt å låne ho uansett eg. 
Deili å kjenne varmen til den lisje kroppen. 
Eg prøvde nåken av mine godt innøvde "moves" på ho, og ho roa seg godt i armane mine. 
Eg har ikkje glømt dei gamle kunstane frå kolikktida te Vilde:)
Cathrin fekk slappe av i armane ei lita stund vertfall, heilt til Vilde oppdaga ka eg holdt på med :) hehe..

Vilde sov i bilen på vei heim, og våkna rett før vi kom te Volda. 
Så når vi kom heim va det middag, og ut å leike på plattingen og i steinane. 

Veldi kjekt å plukke på steinane :)
I kveld har eg sydd ferdi vognposen te Maja-mor, så no gleda eg meg te å reise på besøk :) 
Bilder kjem etter eg har levert den i fra meg :)

Ha en fin lørdagskveld alle sammen :)

1 kommentar:

  1. So kjekt å dulle med baby igjen :) gleda mej te å sjå vognposen :)

    SvarSlett